Hopp til innhold

Ny avtale sikrar avtalen mellom Malakoff og kommunen

Denne veka underteikna Malakoff Rockfestival ei samarbeidsavtale med Eid kommune. I avtalen står det korleis kommunen skal støtte festivalen.

Malakoffsamarbeid

SIGNERER AVTALE: Driftssjef i Eid kommune Tore Nyhammer Taklo, Malakoff-sjef Arnt Ivar Naustdal og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Foto: Privat

– Bidraga frå Eid kommune betyr enormt mykje, seier Malakoff-sjef, Arnt Ivar Naustdal.

Det er allereie meir enn 700 dugnadspersonar som arbeider gratis for festivalen, og no ynskjer Malakoff eit tettare samarbeid med Eid kommune.

Samarbeidsavtala går ut på at kommunen stiller med folk og maskiner til festivalen. I tillegg får festivalen hjelp til oppgåver som rigging, rørleggaroppgåver, rydding, og brannvern.

Bidreg ikkje med pengar

I år søkjer ikkje Malakoff Rockfestival om pengestøtte frå Eid kommune. Det ligg likevel store verdiar i samarbeidsavtala dei no har underskrive.

– Desse tenestene som Eid kommune no vil støtte festivalen er gull verdt for festivalen. Dette er er strålande, seier festivalsjefen nøgd.

Stolt vertskap

Malakoff Rockfestival har vore arrangert sidan 2003 og er blitt ein av landets største rockefestivalar. Publikumstalet har utvikla seg frå 650 besøkjande i 2003, til 17 000 i 2012. Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo seier han er stolt over å vere vertskap for det han kalar landets beste festival.

– Malakoff har blitt den kanskje viktigaste møtestaden for folk som bur i Eid og regionen rundt og for utflyttarar, studentar og andre med tilknyting til staden og regionen. Vi er glade for at vi også frå kommunen si side kan hjelpe Malakoff med ein del av det festivalen har trong for, seier ordføraren.

Festivalsjefen seier at Malakoff Rockfestival ønskjer å få ut eit viktig bodskap gjennom samarbeidsavtala, nemleg at det er mogeleg å bli verande i regionen, og ikkje minst flytte tilbake.

I tillegg til sjølve festivalen er Malakoff synleg på Eid på fleire måtar. Rockeskule, øvingslokale, og ein eigen arrangørskule for dei som har lysst å lære seg å lage eigne festivalar.

– Malakoff gir utruleg mykje tilbake til Eidasamfunnet, seier ordførar Bjørlo.