Hopp til innhold

«Roskildepyttane» vil dei unngå

Om litt under eit døgn brakar det laust på Nordfjordeid. Med mangedobla innbyggjartal, yrande folkeliv og ikkje minst song og musikk.

Malakoff

ROSKILDEPYTTAR: Arrangørane legg ned ekstra arbeid framfor hovudscena for å unngå sølepyttane ein ofte ser på bileta frå Roskilde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er sjølvsagt musikkfestivalen Malakoff det er snakk om, og arrangørstaben har berre smådetaljar att før både festivalcamp og festivalområdet står fiks ferdig til å ta imot kring 20.000 publikummarar.

– Vi er i rute, og eg trur faktisk vi skulle klart å fått alt klart om festivalen starta om nokre timar også. Men vi merkar at festivalen er blitt stor. Eg er glad eg har eit velsmurt maskineri kring meg, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Eit eventyr

Malakoff har vore ein suksess frå ende til annan sidan oppstarten i 2003. Dei er to gonger blitt kåra til årets festival av Norsk Rockforbund og har sett publikumstalet gå frå 650 debutåret til 17.000 i fjor.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Førehandssalet til rockefestivalen Malakoff på Nordfjordeid e firedobla, samanlikna med i fjor.
Festivalen har vakse enormt dei siste åra, og i kveld går startskotet for årets festival.

SJÅ TV-SAK: Malakoff med rekorddeltaking også i år.

I fjor hadde dei ein av landets største festivalcampar med over 4.000 camparar. I år vil det bli endå fleire på campen , som er omkransa av tre kilometer med industrigjerde.

– Campen blir stappfull. Vi er utselde for teltplassar for lenge sidan, og vi har utvida og lagt ut fleire plassar, fortel Naustdal.

Blir ikkje større

Billettsal under Malakoff

GÅR UNNA: Billettsalet går unna til årets Malakoff.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Med eit slikt fakta til grunn, er det på sin plass å stille spørsmål med om festivalen kan bli større enn den er, for ein kommune med kring 6.000 innbyggjarar.

Festivalsjefen trur svaret er nei. Sjølv om han også trur at dei kunne selt ut ein festivalcamp til.

– Vi er på grensa av det som er kapasiteten, og eg trur at vi etter festivalen i år oppsummerer med at vi har nådd den grensa, seier han.

– Set Eid på kartet

Arnt-Ivar Naustdal

VEKS: Festivalcamp Arnt-Ivar Naustdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Også i år byr festivalen på eit variert program. Biffy Clyro, The Hives, Bad Religion, Kaizers Orchestra, Lars Vaular, LidoLido og CC Cowboys er berre nokre av namna på festivalplakaten.

Unni Heggen gler seg til helga og det ho meiner er eit positivt tiltak som skaper liv og røre i bygda.

– Det har sett Eid meir på kartet. Festivalen er godt kjend kring om i Norge, og det kjem mykje folk frå store delar av landet. Eg gler meg kjempemykje, seier ho.

1.000 frivillige

– Folketalet blir jo meir enn dobla desse dagane. I tettstaden Nordfjordeid vil det jo bu langt fleire på festivalcampen enn i sentrum, humrar ordførar Alfred Bjørlo (V), som også er ein av mellom 1.000 frivillige som medverkar til festivalen.

Alfred Bjørlo

FLYTTA UT: Den veka Eid har flest tilreisande gjester, flytta Alfred Bjørlo like godt kontoret sitt ut på gata.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Denne veka har ordføraren flytta kontoret sitt ut på gata for å treffe folk.

– Eg skal jobbe noko dugnad, men særleg laurdag og laurdag kveld skal eg ta meg heilt fri og berre nyte musikken, legg Bjørlo til

Eksersisplass

Festivalområdet vart i gamle dagar nytta som eksersisplass. Arrangørane vonar å gjenskape ei trolsk stemning for å setje ein ekstra spiss på opplevinga til publikumet.

– Det blir grønt, dei karakteristiske raude informasjonsskilta, lyslenkje i trea og store lavvotelt. Det vil vere ei magisk stemning når folk kjem her fredag ettermiddag, seier Naustdal.

Gikta seier godvêr

Festivalsjefen er ikkje redd for at vêrgudane skal få øydeleggje for festivalen. Det har dei for så vidt aldri gjort, heller.

– Vi hadde vel det verste dritvêret vi kunne ha på laurdagen i fjor, så det fryktar eg ikkje. Dessutan kjenner eg på gikta at det fredag blir opplett og gløtt av sol, humrar han.

Likevel har arrangørane sett seg nøydde til å gjere grep framfor hovudscena. Torsdag vart det lagt nett på bakken.

– Vi ordnar opp for siste dagars regnvêr. Dessutan kjem det litt i ettermiddag. Vi beskyttar festivalområdet slik at det skal vere greitt å gå rundt i ordinære sko. Vi skal unngå Roskilde-sølepyttane, humrar han.