Hopp til innhold

Mange planar, men ingen gondolbaner

Det skortar ikkje på store planer om å frakte folk høgt til fjells i Sogn og Fjordane. Men så langt står fylket framleis utan ei einaste gondolbane.

Gondolbane i Sogndalsdalen

MANGE: Det har vore mange planer om gondolbaner i Sogn og Fjordane. Slik som denne i Sogndalsdalen.

Ei rask oppteljing viser ikkje mindre enn ti lanserte planer om gondolbaner sidan 2007.

Terje Lyngstad

LANSERTE: Terje Lyngstad presenterte sin gondolidé i 2007.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det året lanserte teatersjef og tidlegare Ap-politikar Terje Lyngstad ideen om gondolbane til Hafstadfjellet i Førde .

– Eg var politisk aktiv og tykte det var ein spenstig idé. Det gir innbyggjarane i byen ein ekstra livskvalitet, og eg står bak det den dag i dag, seier han sju år etter.

Mange framlegg

Sidan har gondolbane til Furukampen i Flåm, frå Briksdalen til Jostedalsbreen , i Skjolden , til Tystigen i Stryn, til Kambafjellet i Hodlekve og Kjøsnesfjorden i Jølster .

Siste framlegg er til Hoven i Stryn .

– Vi ser for oss at utsiktsplattforma skal gå ut i lause lufta. Du får verkeleg oppleve høgda og wov-faktoren, fortel direktør Richard Grov ved Hotell Alexandra i Loen.

– Synd

Medan nokre av prosjekta manglar finansiering og vilje, er andre prosjekt skrinlagde av naturomsyn. Dermed står Sogn og Fjordane utan anna enn store planar om å frakta folk til fjells med bane.

Jan Heggheim

NÆRINGSSJEF: Jan Heggheim er fylkesnæringssjef i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det tykkjer fylkesnæringssjef Jan Heggheim er synd. Fylket har sagt at ein må tillate enkelte tekniske installasjonar for å gjere naturen meir tilgjengeleg.

– Vi treng i alle fall noko som kan vere med å forsterke naturopplevinga. Men ein må hugse på at dette er ganske store investeringar og komplekse anlegg. Då er det ikkje så rart at nokre av dei blir lagde vekk, seier han.

Lanserer ny idé

I Førde meiner den avdanka politikaren Lyngstad at ei gondolbane kan tene plassen den blir etablert.

Samstundes er han ikkje sein om å lansere nye, alternative idear:

– Eg trur ikkje nødvendigvis at Sogn og Fjordane som såleis må ha ei gondolbane. Men kanskje Førde, Sogndal og Flore kunne hatt noko slikt som utkikkspunkt som var lett tilgjengeleg for innbyggjarane og ikkje minst dei som kjem til staden som turistar, seier han.