Hopp til innhold

Gondolbane i Briksdalen

Ei gondolbane til 200 millionar kroner frå Briksdalen i Stryn til Jostedalsbreen er under planlegging.

Briksdalsbreen før nedsmeltinga
Foto: NRK

Bana vil bli om lag tre kilometer lang og vil frakte turistar opp i nærare 1700 meters høgde. Initiativtakar Inge Melkevoll trur gondolbana vil bli ein turistmagnet.

- Dette vil vere eit blinkskot når det gjeld reklamen for Noreg som feriemål.

Breen blir utilgjengeleg

Briksdalsbreen har i løpet av få år trekt seg fleire hundre meter attende, og vil for første gong ikkje vere mogeleg å nå for turistar. 280.000 vitja i fjor turistmagneten i indre Nordfjord, men med breen utilgjengeleg vil truleg besøkstalet går kraftig ned.

Stor tru på prosjektet

Og det er for å møte denne utfordringa bygdefolket no vil byggje ei gondolbane. Ei arbeidsgruppe, der mellom andre ordføraren i Stryn og Rickard Grov ved Alexandra hotell er med, har stor tru på prosjektet. 11. mai presenterte dei prosjektet for Miljøverndepartementet.

- Vi vende oss til Miljøverndepartementet for å undersøke sjansane for å starte planlegging av ei gondolbane opp på Jostedalsbreen.

Vil endre grensa

Men forkjemparane for gondolbane vil møte ei omfattande utfordring gjennom at den planlagde bana vil strekkje seg inn i nasjonalparkområdet. Melkevoll håper imidlertid at dette let seg ordne.

- Det vi kan tenkje oss i den vidare saksgangen er at vi kan bli samde om ei endring av grensa for nasjonalparken.

- Dette må aldri skje

Tidlegare leiar Erik Solheim i Norges Naturvernforbund stiller seg svært kritisk til planane.

- Dette må aldri skje. Nasjonalparken er oppretta nettopp for å hindre slike installasjonar og inngrep i området.