Hopp til innhold

Gondolbane til departementet

Aurland ber Miljøverndepartementet vurdere planane om gondolbane i Flåm.

Flåm

Flåm

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Kommunen ynskjer ei vurdering i høve naboar i bygda, naturområde og villreinstammen, skriv Sogn Avis.

– Om vi får godkjent planprogrammet, går saka vidare i den kommunale reguleringsprosessen, seier teknisk leiar Reinhardt Sørensen i Aurland kommune.

Mange protestar

Utkastet til Flåm Resort sine planar om ein 2000 meter lang svevebane frå Flåm til fjelltoppen Furukamben har ei tid vore ute på høyring i kommunen. Utkastet skisserer to moglege alternativ til botnstasjon for gondolbana. Eitt ved stasjonsområdet og Fretheim hotell. Det andre ligg eit lite stykke frå dei tettaste bustadområda.

LES OGSÅ: Villreinen truga av gondolbane

Fleire hus- og grunneigarar i sentrum protesterar mot det første alternativet. Det vil gje gondoltrafikk rett over hustaka i Flåm.

Utvida tilbod

Prosjektet har ein prislapp på 80 millionar, pluss/minus 15 prosent, skriv avisa.

LES OGSÅ: Kjenner seg dårleg behandla

- Gondolbana er eit tiltak for å utvida aktivitetstilbodet i Flåm og Aurland, slik at vi kan sikre at turistane blir verande i området i fleire dagar, i staden for å reisa videre til andre stader, seier John B. Bottheim i Flåm Resort.

LES OGSÅ: Eventyrleg suksess i Flåm