Hopp til innhold

Vil ha gondolbane i Førde

- Ei gondolbane til Hafstadfjellet er langt betre enn eit kunstmonument, meiner Terje Lyngstad.

Teatersjef Terje Lyngstad Sogn og Fjordane teater
Foto: Steinar Lote / NRK

Sei di meining om gondolbana Ap-politikaren og teatersjef Terje Lyngstad kastar seg inn i diskusjonen om eit landemerke i Førde.

- Den vil bli eit monumentalt landemerke. Frå fjellet har du eit utsyn som spenner frå Storehesten til Jølster-fjella og breane. Det er eit fjell som allereie i dag blir brukt av ei mengde menneske. Ein sommarkafè der oppe vil ha litt av eit panorama, seier han til Firda.

 

Førde sentrum frå Hafstadfjellet
Foto: Bjørn Høyvik

- Heller gondolbane

Det er ikkje første gang at ideen blir lufta, men Lyngstad ynskjer å løfte fram att planene etter at partifellene hans, Jorunn Eide Kirketeig og Knut Johansen, nyleg etterlyste noko som kan byggje opp ein felles Førde-identitet. Jølstringen meiner at ein i staden for å sette opp eit kunstmonument, bør spele på naturen som Førde ligg i.

- Estetikken i Førde ligg ikkje i bygningsmassen som vart reist frå 60/70-talet og fram til i dag. Men den sentrumsnære naturen er fantastisk, seier han og presiserer at han luftar tanken som privatperson. Lyngstad vil ikkje spekulere i om bygginga og drifta av ei slik bane har økonomisk realisme i seg.