Hopp til innhold

Lærlingar blir mobba på jobb

For tredje året på rad blir lærlingar på restaurant- og matfag mest mobba på arbeidsplassen, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Martin Vie er lærling på kjøkenet på Pikant.

TRAVELT: Martin Vie er kokkelærling på Pikant i Førde. Han trivst på sin arbeidsplass, men kjenner andre lærlingar som har hatt ubehagelege opplevingar på jobb.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Det er sjokkerande og fullstendig uakseptabelt at unge lærlingar blir mobba på jobb, seier stortingsrepresentant Torbjørn Vereide (Ap).

Inntil for seks år sidan jobba han sjølv i restaurant- og matbransjen og hadde fleire ubehagelege opplevingar.

– Eg har sjølv vore skjelt ut av skrikande kollegaer. Eg trudde det hadde endra seg, men det ser dessverre ikkje slik ut, seier han.

Vereide meiner bransjen må skjerpe seg og han vil gje større ressursar til Arbeidstilsynet.

– Eg er stolt av alle dei dyktige folka som står på i bransjen, men brølekulturen til Gordon Ramsay bør avviklast ein gong for alle, seier han.

Torbjørn Vereide, stortingsrepresentant for Ap

UTSKJELT: Stortingsrepresentant Torbjørn Vereide (Ap) har tidlegare jobba i restaurant- og matbransjen og opplevde både kjefting og utskjelling.

Foto: Jostein Vedvik

– Trist

Martin Vie er kokkelærling på Pikant mat- og vinhus i Førde og er travelt opptatt med førebuing av mat.

Sjølv har han aldri opplevd mobbing og han likar seg godt på Pikant. Men han har høyrt om andre kokkelærlingar som har opplevd ubehagelege ting på jobben.

– Enkelte har fortalt at det er mykje stress og at dei har fått kjeft, men det har ikkje vore direkte mobbing.

– Det er trist å høyre at lærlingar blir mobba, seier kjøkensjef Thomas Holme Smådal på Pikant.

zzz

Når gjestar ventar på mat og det er veldig travelt, kan kjøkensjef Thomas Holme Smådal kome med klare meldingar til kokkelærling Martin Vie. Men dei snakkar om det etterpå og er gode vener.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Mobbetala kjem fram i Utdanningsdirektoratet sine lærlingundersøkingar frå dei siste tre åra. I 2020 svara 6,2 prosent av lærlingane på restaurant – og matfag at dei vart mobba på jobb. Året etter var resultatet 8,5 prosent, medan tala for i fjor viser at 5,3 prosent av kokkelærlingane vart mobba. Tala for i fjor er førebelse og ikkje kvalitetssikra av Utdanningsdirektoratet.

I andre enden av skalaen finn ein Design og handverk, der 1,8 prosent av lærlingane fortalde at dei vart mobba i fjor.

Vel 14.000 lærlingar deltok i undersøkinga.

Vil kurse lærebedriftene

I 2021 fortalde heile 14 prosent av kokkelærlingane i Vestland at dei blir mobba. I fjor hadde talet gått ned til 6,5 prosent, men det er likevel over landsgjennomsnittet.

Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal, tek situasjonen på høgste alvor.

– I 2021 var tala svært urovekkjande, men heldigvis gjekk dei kraftig ned i fjor. Vi må rett og slett kurse lærebedriftene om korleis dei skal behandle lærlingar på ein skikkeleg måte, seier han.

Lyngedal mistenkjer at nedstenginga under pandemien var medverka til at mobbetala var så høge i 2021.

.

Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylke, Bjørn Lyngedal.

Lærebedrifter som ikkje klarer å oppføre seg skikkeleg overfor lærlingar vil bli skifta ut, seier Bjørn Lyngedal, avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ikkje overraska

Kjøkkensjef Tommy Bjørnsen ved Gadus Nordic Trattoria i Lofoten er ikkje det minste overraska over undersøkinga.

– Det er dessverre ein ukultur i bransjen der det ok å skjelle ut og bryte ned folk, seier han

32-åringen har sjølv opplevd å bli mobba og har sett lærlingar som har knekt fullstendig saman etter å ha vorte skjelt ut.

Han fortel at det heller ikkje er uvanleg at lærlingar blir utnytta til å jobbe meir enn dei skal.

– Lærebedriftene og lærlingane bør følgast opp langt betre frå skulane dei går på. Det kan bidra til å betre kvardagen deira, seier han.

Tommy Bjørnsen

Kjøkkensjef Tommy Bjørnsen meiner det er trist at kokkelærlingar opplever mobbing på jobben.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen/ NRK

– «Spiser kokker til frokost, lønsj og middag»

Også kjendiskokk Bent Stiansen set søkjelyset på dårlege arbeidsforhold i restaurant- og matbransjen. I eit ferskt innlegg i Dagens Næringsliv skriv han at bransjen «spiser kokker og servitører til frokost, lunsj og middag». Og at «utskjellinger» ikkje må vere veien til Michelin-stjerner.

Politisk rådgjevar i NHO Reiseliv, Henrik Hambro, likar ikkje situasjonen.

Dette viser at delar av bransjen framleis har eit godt stykke å gå når det gjeld trivsel og miljø. Mobbing skal ikkje førekome i arbeidslivet, og det er ekstra leit når lærlingar opplever dette, seier han.

Peikar på kulturforskjellar

John Ove Grov, dagleg leiar ved opplæringskontoret for hotell- og matfag i Sogn og Fjordane, peikar på at også kulturforskjellar kan vere ei av årsakene til at lærlingar føler seg mobba.

– Når det kjem inn ein ung person på kjøkenet trur enkelte av dei utanlandske kokkane at han skal vere som ein slags handlangar. Dei kan bli behandla for hardt, seier Grov.

– Men er kulturforskjellar formildande når unge lærlingar opplever å bli mobba?

– Nei, det er det ikkje og vi tek dette på fullt alvor.

John Ove Grov ved opplæringskontoret for hotell og matfag i Sogn og Fjordane.

John Ove Grov, dagleg leiar ved opplæringskontoret for hotell- og matfag i Sogn og Fjordane, jobbar med å forklare utanlandske kokkar korleis dei skal oppføre seg overfor norske lærlingar.

Foto: Bård Siem / NRK

Grov legg til at også norske kokkar står bak mobbing og at det blir feil å legge all skuld på utlendingane.

– Traumatiserande og øydeleggande

Elev -og lærlingomboda har som ei av sine hovudoppgåver å førebyggje mobbing og vantrivsel i vidaregåande skule og i lærebedrifter.

I ein e-post til NRK skriv ombodet i Vestland at mobbing og krenkingar for den enkelte kan medføre at dei «ikkje klarer å gå på skule eller jobb», og det kan vere «traumatiserande og øydeleggande for livet».