Dalemålvakt Finn Bjarne Brynestad hadde det ikkje like moro, og han veit ikkje om han skal le eller gråte etter å ha plukka 13 ballar ut av målnota i Stryn.
Reserveprega Dale
Fjaler-laget stilte med ein sterkt reserveprega lag utan fem av dei faste førstelagsspelarane, og alt i kampens andre minutt låg første ballen i nota bak Finn Bjarne Brynestad, og det kom seks til før pause.
Flo det forrige marerittet til Dale
Vi må heilt tilbake til 1991, då Tore André Flo herja med lokale forsvarsspelarar for å finne det forrige tolvmålstapet til Dale. Då tapte fjalerbuane 12-0, og Flo skåra sju av måla. No kom det altå eit nytt stortap på Stryn stadion, og toppskårar Mats Solheim har litt medkjensle med dei rundspelte gjestene. Han kan forsikre at liknande målorgie har han aldri vore med på.
Førde auka leiinga
I den lokale tredjedivisjon vart det elles spelt tre kampar på fredag. Førde nytta sjansen til å auke leiinga på tabellen med 2-1-siger over Kaupanger på Førde stadion. Fjøra låg likt med Førde før den niande serierunda, men tapte uventa 2-0 for Sandane på idrettsplassen i Gloppen.
Høyang vann igjen
Laurdag vann Høyang 3-2 over Tornado Måløy, medan oppgjera mellom Sogndal 2 og Skavøypoll, og Jotun Årdalstangen 2 og Florø blir spelt i kveld. Førde toppar 3. divisjon med 22 poeng, Stryn har 20, Fjøra 19, Sogndal 2 har 18 og Høyang 16 poeng på femteplass. I botnen har Dale fire, Florø tre og Jotun Årdalstangen 2 eitt poeng før dei to siste kampane i den niande serierunden blir spelte måndag kveld.