Hopp til innhold

Uavgjort på Fosshaugane

Hønefoss greide ikkje å bryte statistikken. Sogndal er framleis ikkje slått av dei på heimebane.

Luftduell Sogndal mot Hønefoss

DUELL: Tøffe tak mellom Sogndal og Hønefoss på Fosshaugane i kveld.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ein målfattig, men intens kamp på Fosshaugane er over. Sogndal greide å halde på statistikken som fortel at Hønefoss aldri har slått dei på heimebane. Resultatet vart uavgjort, 0 - 0.

At det vart så få mål fortel også talet på skot mot mål. Det var ikkje mange sjansane laga kom til i dei to omgangane.

Ballen ville ikkje inn

Sogndal sin Malick Mane prøvde friskt allereie i fyrste speleminutt. Utan hell. 18 minuttar seinare prøvde Hønefoss seg, men Kenneth Di Vita Jensen greide berre å treffe stolpen.

Rett før dommaren blåste til pause prøvde Tonny Brockmann på Sogndal seg med eit langskot, men heller ikkje denne ballen ville mellom målstengene.

Lekkert angrepsspel til inga nytte

Etter pause hadde Di Vita Jensen eit par sjansar, og lagkamerat Remond Mendy prøvde seg også utan å få det til.

Sogndal sin einaste sjanse i andre omgang var det danske Brockmann som stod for. I det 63. speleminutt førte eit lekket angrepsspel frå Sogndal til at han kunne stille inn siktet på mål. Han skrudde ballen vakkert avgarde, men trefte berre kryssfestet.

Dermed tek begge laga med seg kvart sitt poeng vidare.

Same lag som mot Odd

Trenar Jonas Olsson valte å satse på dei same 11 som gav Odd Grenland dugeleg motstand førre helg:

Kenneth Udjus, Eirik Skaasheim, Jasmin Mecimovic, Hannu Patronen, Taijo Teniste, Tonny Brochmann, Henrik Furebotn, Stèphane Badji, Ørjan Hopen – Malick Mane, Ulrik Flo.

På benken: Leif Lysne, Eirik Bakke, Tore André Flo, Gustav Valsvik, Ruben Holsæter og Stian Dyngeland.