Hopp til innhold

Bolseth tilbake på Fosshaugane

Spelar Sogndal og Hønefoss samtidig, ser Rune Bolseth Sogndal-kampen i opptak etterpå. Det slepp han på søndag. Då er han for første gong motstandar på Fosshaugane.

Rune Bolseth for Hønefoss mot Lillestrøm i 2012

TILBAKE: Sist laurdag spelte Rune Bolseth sin første eliteseriekamp sidan våren 2010.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

- Eg gler meg. Eg kjenner alt no at det er ikkje nokon vanleg kamp til helga. Det er noko meir enn det, seier tidlegare Sogndal-kaptein Rune Bolseth.

- Er du sikker på at du kjem til å gå i rett garderobe?

- Eg trur eg må tenke gjennom det før kampen så eg ikkje gjer noko feil der, seier Rune Bolseth.

Ti år i Sogndal

Bolseth kom til Sogndal som 18-åring i 1999 for å erstatte Eirik Bakke på midtbana. Han var svært sentral i laget som rykka opp i 2000, og ein av klubben sine beste spelarar i åra som følgde i eliteserien. I åra etter nedrykket i 2004 valde Bolseth, i motsetning til mange andre, å bli verande i Sogndal. Jamaldringane i klubben sin gylne 80-årgang, Alexander Ødegaard, Tommy Øren og Anders Stadheim, reiste vidare. "Bolli" vart att, i håp om at klubben skulle kome seg tilbake i eliteserien.

Fekk nok av 1. divisjon

Då opprykket glapp i 2009, var kontrakten hans ute og han fekk tilbod frå ein av klubbane som greidde å rykke opp det året. Totalt spelte han 291 kampar og skåra 38 mål for Sogndal.

- Eg reiste til Hønefoss for å prøve meg i eliteserien igjen. Det var den einaste grunnen til at eg for. Det gjekk ikkje som eg hadde håpa, seier Bolseth.

Trong start i Hønefoss

Rune Bolseth for Sogndal i 2000

HØGDEPUNKTET: Rune Bolseth i kamp mot Vålerenga og Aki Rihilahti då Sogndal rykka opp i 2000.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Ti kampar etter den etterlengta returen til øvste nivå, vart han skada og spelte ikkje fotball att før Hønefoss var degradert til 1. divisjon. Samtidig hadde Sogndal omsider reist seg og rykka opp til eliteserien.

- Eg sat der med ein alvorleg skade og hadde vore ute heile hausten, og så rykte Sogndal opp. Men det var veldig godt for Sogndal. Klubben trengte å kome seg opp att i det gode selskap. Eg visste at det der kunne skje. Fotballen er vanskeleg å forutsjå. Det er ikkje noko eg angra på, men det er klart det var litt spesielt å gå og spele 1. divisjon for Hønefoss i fjor når Songdal spelte eliteserie. Det var det, seier han ettertenksomt.

- Hender det at du angrar?

- Nei, eg gjer ikkje det. Eg hadde lyst til å prøve noko anna og ville spele i eliteserien. Me trivst veldig godt på Hønefoss, så eg angrar ikkje.

Ser alle Sogndal-kampane

I fjor fekk Bolseth endeleg etablert seg skikkeleg på Hønefoss-laget. Midtbanespelaren var ein nøkkelspelar då laget rykka opp på første forsøk , og sist laurdag spelte han sin første eliteseriekamp sidan våren 2010. Den enda 0-0 mot Lillestrøm. Dagen etter såg han som vanleg Sogndal-kamp.

- Eg såg dei aller fleste kampane i fjor. Vi spelte ofte samtidig, men då gjekk eg inn på nettet om kvelden og om eg ikkje såg heile kampane så såg eg i alle fall mykje. Eg har prata med folk der oppe og har bra oversikt. Dette blir den første kampen eg håpar Sogndal ikkje vinn. Berre det tykkjer eg er rart.

- Er du rett og slett ein Sogndal-supporter?

- Njaaaai… Det blir feil å kalle meg supporter, men frå eg var liten så var Sogndal laget. Og når eg har spelt der så lenge har eg knytt sterke band. Det beste hadde vore om både vi og Sogndal hadde kome eit godt stykke opp på tabellen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Bolseth i aksjon for Sogndal mot Stabæk
Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

- Frykteleg gode

Og at kampen gjorde inntrykk på Bolseth, er det ingen tvil om.

- Eg tykte Sogndal var frykteleg gode. Det må eg seie. Eg såg dei på La Manga og såg også siste treningskampen mot Strømsgodset helga før. Dei har i alle fall truffe godt med formen til då det gjeld. Det er kanskje den beste bortekampen Sogndal har spelt så lenge eg kan hugse. 4-0 mot Odd er frykteleg imponerande, og det var ikkje eit mål for lite. Vi må verkeleg ha ein god dag skal vi slå dei på søndag.

Motstandar for første gong

Komande søndag klokka 18.00 er Bolseth for første gong blant motstandarane til Sogndal.

- Eg har følgt Sogndal veldig tett etter at eg reiste ned hit og den klubben betyr veldig mykje for meg. Eg hadde ti flotte år og har spelt med masse kjekke folk. Så det blir veldig spesielt å kome tilbake til Fosshaugane, seier han.
Bolseth skreiv under ny eittårskontrakt med Hønefoss før denne sesongen, og veit ikkje kva framtida bringer.

Flytter heimover

- Det kan bli at eg held fram her i Hønefoss, det kan bli Sogndal, dette kan bli siste året mitt som fotballspelar, det er vanskeleg å seia. Men eg har lyst til å spele nokre år til. Eg har verdens beste jobb, og så lenge kroppen er frisk og motivasjonen held vil eg halde fram, seier 32-åringen.

Uansett ser han og familien for seg enten Sogndal eller heimbygda Sandane som bustad etter endt fotballkarriere.

- På sikt tenker vi at vi reiser til fylket att, men når det blir er det vanskeleg å seie. Det kan godt bli Sogndal sjølv om det ikkje blir som fotballspelar. Etter ti år der er har vi masse kjentfolk og trivdes veldig godt. Så Sogndal kan godt bli ein heimplass for oss etter fotballen, seier Bolseth.