– Eg har sett på fasilitetane i dag, og likar det eg har sett. Spelarane er gode, men det handlar sjølvsagt om pengar, sa 23-åringen til NRK tidlegare i dag. No har altså forhandlingane mellom spelaren og klubben stranda.
– Vi klarte ikkje å lande dette økonomisk, fortel assistenttrenar Håvard Flo til NRK torsdag kveld.
Spelaren frå klubben KR i Reykjavik kom med eit økonomisk krav, som etter det NRK kjenner til var langt over det som ville vore akseptabelt for Sogndal fotball.
– Vi ville ikkje gje etter. Så prekært er det heller ikkje. Vi har ein svært god spelarstall, også utan han, meiner Flo - som likevel ikkje vil lukke døra heilt for islendingen.
Den islandske landslagsspelaren skal vere i Sogndal til i morgon, og vurderer no i kveld å eventuelt fire på krava han satte fram for klubben i dag.
– Eg trur dette kan vere eit passeleg stort steg for meg. Den norske serien er betre enn den islandske, men spranget er ikkje for stort, sa Friðgeirsson tidlegare i dag.
Overgangsvindauget for norske klubbar stenger laurdag og dermed har ikkje spelaren og Sogndal lang tid på seg til å bli einige - dersom noko skullle endre seg dei neste par dagane.