Hopp til innhold

Malin hadde ekorn som kjæledyr

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Seks år gamle Malin har hatt eit spesielt kjæledyr – nemleg eit ekorn. Nøtteliten blei så tam at ho kunne trille ekornet i dokkevogna si.

Malin Sandnes Helle

KOSEDYR: Malin Sandnes Helle likte å kose med ekornet.

Foto: Privat

– Det aller kjekkaste var å trille ekornet i dokkevogna. Der sov det og slappa av, seier Malin.

Det er Bygdeavisene.no som fortel historia om det tamme ekornet i Helle i Askvoll.

I sommar fann seksåringen Malin Sandnes Helle ein ekornunge i stallen hos besteforeldra. Pappa Åge Helle fortel at ekornet virka slapt og livlaust.

– Malin fekk omsorg for ekornet og ville verkeleg ta seg av det. Vi laga ei korg det kunne ligge i og prøvde å gi det mat. Då vi kom tilbake neste dag, virka det meir kvikt og byrja å ete litt, fortel han til NRK.no.

Flytta inn då mor reiste vekk

Mor i huset, Veronica Sandnes Helle, likte også ekornet, men ho hadde ikkje så lyst å ha det i huset. Men så reiste ho vekk ei helg, og då kom tilbake hadde ekornet flytta inn.

– Eg var ikkje overbegeistra, men alle var veldig lykkelege. Det var veldig vanskeleg å hive det ut igjen, seier ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Malin Sandnes Helle

KOS: Ekornet kom ofte og la seg i armkroken til Malin og dei andre i familien.

Foto: Privat

Bygdefolk blei sjokkerte

Ekornet som blei kalla Nøtteliten, blei etter kvart veldig husvarmt og sprang rundt i heile huset. Det blei veldig knytt til folk, spesielt i første perioden.

– Det trengde mykje kroppskontakt og varme og kom ofte og la seg i fanget. Der sovna det fort i armkroken. Ekornet trengde mykje søvn og sov stort sett heile natta. Det sov i sengene til ungane, i eit bur.

Malin trilla også ekornet rundt i ei dokkevogn, innetulla i teppe. Nokre bygdefolk fekk nesten sjokk då ho kikka oppi.

– Eg og ungane gjekk langs vegen og då hadde Malin det i dokkevogna. Det låg inntulla i eit pledd og kosa seg. Vi trefte nokre bygdefolk og eg sa dei måtte kikke oppi. Dei blei veldig sjokkerte då dei såg at det var eit levande ekorn, fekk Åge.

La seg i lomma

Ekornet leika også med brørne Stian (3) og Simon (8), som også sette stor pris på den vesle krabaten.

– Når vi var ute i hagen gjekk det rundt føtene våre. Det klatra litt på oss, og trengde det søvn, så la det seg i lomma som ein ball. Det var heilt utruleg å sjå, fortel pappa Åge.

Sidan familien bur på ein gard, er dei vane med dyr. Difor har dei ikkje uroa seg for smitte.

– Nei, det har vi ikkje tenkt på. Det er noko like farleg å ha ein katt i huset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ekorn i Holmedal

I HENGAREN: Ekornet koste seg i traktorhengaren til ungane i familien.

Foto: Privat

Sjalu katt

Sjølv om familien sette stor pris på det vesle ekornet, var ikkje alle like begeistra. Det var ein som ville ha kloa i det nye familiemedlemmet.

– Det var mest arbeid med å halde katten vekke. Den hadde vore mykje inne, men no måtte den vere ute. Så den var vel ikkje heilt nøgd alltid, seier Åge.

Men for ungane har det vore stor stas å ha eit slikt sjeldant dyr i huset i to månader.

– Trur ungane har fått mange fine minner. Det å ha eit så søtt dyr med seg ein heil sommar, er ein draum.

(Artikkelen held fram under artikkelen)

Åge Helle

KLATRESTATIV: Nøtteliten klatrar på pappa Åge Helle.

Foto: Privat

Forsvann gradvis

Familien hadde tenkt at ekornet kunne bu hos dei også utover vinteren, men slik gjekk det ikkje.

– Etter kvart som det blei større, ville det ha meir fred. Det blei mindre tid inne, og meir ute. På slutten då vi hadde det, var det kanskje vekke eit døgn eller to før det kom tilbake. Det kom gjerne inn for å ete, men så trekte det opp på øvste hylle for å få fred.

Det blei lengre og lengre vekke. Ungane tykte det var veldig trist og hadde mange leiteaksjonar. Ein dag kom det ikkje att. Den offisielle forklaringa er at ekornet har flytta tilbake til skogen, men det kan hende at den sjalu katten har teke det.

– Det var veldig friskt og fint då det var her, så vi får tru at det lever i beste velgåande. Vi håper det kjem tilbake når vinteren, når det treng mat, seier Åge.

– Men kjem det tilbake til oss, blir det eit hageekorn, ikkje eit innedyr, seier Veronica.

Ekorn i Helle

STOR GLEDE: Stian og søskena hadde mykle glede av den vesle krabaten.

Foto: Privat