Hopp til innhold

Så tam kan ein hjort faktisk bli...

Her gir Tor Otto Kjelsnes hjorten i sin eigen hage mat frå munnen.

Tor Otto Kjelsnes gir brød til hjorten

NÆRT FORHOLD: Det er ikkje alle som har eit like nært forhold til dyra som det Tor Otto Kjelsnes kan skryte av...

Foto: Skjermdump frå Youtube.com

- Eg har teke meg litt av denne hjorten. Eg pratar med den kvar einaste dag, ler Tor Otto Kjelsnes.

Han bur i Brandsøya ved Florø, og har dei siste tre-fire åra hatt nærgåande hjort i sin eigen hage i skogkanten, skriv Firdaposten.

No har den eine blitt så tam, at den tek imot mat både frå handa og munnen til Kjelsnes.

Vil ha noko godt frå matfar

Det heile byrja for fire år sidan, då to hjortar med merke nummer 33 og 39 frå viltnemnda dukka opp i hagen. Om sommaren forsvann dei til skogs, men om vinteren dukka dei stadig opp igjen.

- Ein dag eg stod og monterte ei varmepumpe, hadde eg ikkje tid til å prate med dei, seier Kjelsnes til NRK.

- Då reagerte den eine med å slå med framføtene for å varsle om at dei var der - dei ville ha noko godt, humrar han.

Jegerar skaut den eine hjorten

No er ikkje «39» lenger fast innslag i hagen, etter at jegerar i skogkanten fann det for godt å skyte han - like ved hagen til Kjelsnes.

- Då ropte eg til dei: «skyt de husdyr?». Eg håpa at kjøtet ikkje smakte godt, og det gjorde det visst heller ikkje - hjorten var nok sjuk, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Otto Kjelsnes gir hjorten mat

KJEM KVAR DAG: - Eg pratar med hjorten kvar einaste dag, seier Tor Otto Kjelsnes.

Foto: Skjermdump frå Youtube.com

Kallar berre hjorten for «33»

No er berre «33» igjen, men hjorten har blitt desto tammare overfor matfar. Likevel er det ikkje aktuelt å gje dyret eit meir personleg namn.

- Nei, 33 er blitt eit namn no, seier Åshild Kjelsnes.

- Vi reiser mykje i jobben, og kan ikkje ha hund. Men vi har på sett og vis kjæledyr likevel, ler ho.

Sjå videoklipp frå yotube.com: