Hopp til innhold

– Eg trur ho tenkte: «Han har noko godt i lomma, det har eg lyst på»

Nær kvar einaste dag får Tor Otto Kjelsnes besøk av ein nær ven. Hjorten «Nummer 33» kjem gjerne inn i verkstaden for ein godbit.

Hjort på besøk i verkstaden

BESØK: Hjorten visste at Tor Otto Kjelsnes hadde eple i lommene. Då let han seg ikkje stogge av at florøværingen gjekk innandørs på verkstaden sin.

Foto: Åshild Kjelsnes

Medan folk flest nøyer seg med nærkontant med katt, hund og andre små kjæledyr har florøværingen eit spesielt nært forhold til ein hjort. Dagleg kjem kolla på besøk på tunet på Brandsøy, og den takkar aldri nei til ein godbit.

Då Kjelsnes putta eple i lommene og gjekk inn på den vesle verkstaden sin følgde ”Nummer 33” sjølvsagt med.

– Då eg snudde meg var ho hakk i hel. Ho visste at eg hadde ein godbit og åt rett av handa mi, fortel Kjelsnes.

Åt maten rett frå munnen hans

For han er nærkontakt med hjortekolla blitt nær kvardagsleg. Men det er like moro kvar gong. Etter fire-fem år med hjortebesøk er kolla som har fått namnet «Nummer 33» blitt svært så husvarm og trygg.

Både Tor Otto Kjelsnes og kona Åshild Kjelsnes, som er fylkesordførar i Sogn og Fjordane, har mykje glede av hjortebesøka.

Medan dei andre hjortane aldri kjem nærare enn halvanna meter kjem stamgjesten nærast opp i fanget på Kjelsnes. «Nummer 33» har ved fleire høve ete maten rett frå munnen til Kjelsnes.

Sjå video av korleis Tor Otto Kjelsnes har nærkontakt med hjorten.

Hjorten slafsar i telefonen

Då NRK ringer til Kjelsnes måndag ettermiddag går han ut på tunet med telefonen til øyret. Lyden av stemma hans tiltrekkjer seg hjortekolla med ein gong.

– Hallo du, seier Kjelsnes og småpratar med hjorten.

Han ler litt og fortel at han no har fylt opp lageret med eple og diverse andre godbitar framfor vinteren.

– No har eg to kassar med pærer, to med pressa eple og fleire posar med brødmat som står klare, seier Kjelsnes.

Medan Kjelsnes fortel om kor tillitsfull hjortekolla er blitt mot han kjem ”Nummer 33” så nære at florøværingen like så godt gir ordet til hjorten.

– Høyrer du kor den slafsar?

– Ja, den kan vel ikkje seie så mykje anna?

– Nei, men no likar den seg, humrar Kjelsnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Otto Kjelsnes gir hjorten mat

HUSVARM: Hjortekolla med namnet 'Nummer 33' kjem gjerne heilt opp til Tor Otto Kjelsnes for å få ein godbit. Biletet er frå førre vinter.

Foto: Skjermdump frå Youtube.com

Heile tunet fullt av hjort

I heile dag har den slappa av i sola på det som før var ein plen utanfor huset. Hjortekolla har selskap av fleire andre hjortar og etter kvart som Kjelsnes pratar med NRK kjem det stadig fleire hjortar ruslande inn på tunet.

Dei veit at når husbonden er på tunet er det store sjansar for å få noko godt.

– No er det fire stykk her på tunet mitt, så no kastar eg litt brødskiver til dei, ler Kjelsnes.

Kom på verkstadbesøk

Han blir aldri lei av nærkontakt med dyra og seinast i går fekk han hjorten heilt opp i fanget.

Kjelsnes hadde vore til Sogn og henta frukt og då han kom heim var hjorten tydeleg klar over at her kunne det vere noko å hente.

– Eg møtte den på tunet og då sa eg til han at den fekk vente litt, så skulle eg gå å hente. Då eg kom ut att putta eg epla i lomma og gjekk inn i verkstaden. Kolla kom etter og rygga ikkje ut att før den hadde fått både eitt og to eple, ler Kjelsnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Otto Kjelsnes gir brød til hjorten

NÆRKONTAKT: Her tek hjorten like så godt brødskiva rett ut av munnen på Tor Otto Kjelsnes.

Foto: Skjermdump frå Youtube.com

Fryktar hjortejakta

Kjelsnes er blitt reint glad i hjortekolla og er litt redd for å miste gjesten på tunet i løpet av hjortejakta. Berre 20 meter frå tunet ligg ein av skogane der hjortejegerane i området ligg på lur.

Ein annan hjort som også var gjest i hagen til Kjelsnes har allereie blitt skoten av jegerar, og no ber matfaren om at jegerane sparar «Nummer 33» også denne hausten.

– Eg håpar ho kan få leve eitt år til. Så dei som jaktar her må prøve å la vere å skyte hjorten som er merka med nummer 33 i øyret, ber Kjelsnes.