Hopp til innhold

Måleri blei stua vekk i årevis: – Det har nasjonal verdi

Kjell Pahr-Iversen var ein ung mann då han måla veggen. Det skulle gå 53 år før han fekk sjå det igjen.

Kjell Pahr-Iversen ved Fantasiens hage

NYTT LIV PÅ VEGGEN: Kjell Pahr-Iversen måla biletet som 32-åring. – Eg er glad og letta for at det er henta fram igjen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Gjensyn etter så mange år kan vera brysame. Men her var det ei lette.

Pahr-Iversen blir rekna som ein viktig kunstnar, med eit solid namn på den norske kunstscenen.

Sommaren 1969 brukte han på å måla den eine veggen på Rimbareid ungdomsskule i Fitjar kommune i Sunnhordland.

Under oppussing av skulen i 2013, blei det sett ein kvit vegg føre heile måleriet. Sidan har ingen sett det. Før no.

Les også Verdifull kunst skjult i årevis bak vegg: – Fekk sjokk då eg oppdaga det

Karvel Strømme på Rimbareid skule på Fitjar

Ny vår i Fantasiens hage

Lokale eldsjeler har lenge kjempa for å få veggmåleriet Fantasiens hage fram igjen, og til slutt fekk dei lov og ei kostnadsramme på 41.000 kroner frå kommunen.

Men tilstanden bak veggen var verre enn dei hadde trudd.

Fleire tiår i nærkontakt med elevar, støv og ei varmepumpe i etasjen over, hadde sett stygge spor.

Reparering av Fantasiens hage av Kjell Pahr-Iversen

SPOR: Veggen var full av søl, skomerke og flekkar då veggen blei fjerna. Mange gule parti var også blitt misfarga.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Kunstnarane Bjørg Strømme og Bernt Olaf Nesbø har brukt heile haustferien på å vaska og fiksa på fargane i biletet.

– Eg byrja på ungdomsskulen her då det var nytt, og eg synest det var eit tøft og flott bilete. Det er heilt forferdeleg at eit slikt kunstverk skal stå gøymd bak ein vegg, meiner Nesbø.

– Det var litt prøving og feiling, men me fekk det til. Eg er veldig nøgd, seier Strømme, som jobba på skulen då biletet var nytt.

Bernt Olaf Nesbø og Bjørg Strømme reparerer Fantasiens hage av Kjell Pahr-Iversen

GNIKKAR FRAM BILETET: Bernt Olaf Nesbø og Bjørg Strømme brukte haustferien til å reparera biletet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Kjell Pahr-Iversen er takknemleg for jobben dei har gjort.

– Eg er letta og glad for at dei tok seg bryet med å henta det fram. Eg håpar og trur det var verdt det, seier Pahr-Iversen, som laurdag tok turen til Fitjar for å sjå det nyoppussa biletet.

– Det var kjekt å sjå inn igjen i verda mi på 60-talet.

Han bur i Stavanger, der han framleis lagar kunst i atelieret sitt.

Kjell Pahr-Iversen i atelieret i Stavanger

I ATELIERET: 85 år gamle Kjell Pahr-Iversen blir rekna som ein viktig kunstnar.

Foto: Anders Haualand / NRK

– Kommunen har eit ansvar for kunsten

Det måtte fleire politiske rundar til i Fitjar før det blei løyvd pengar til reparera måleriet.

KORO har tidlegare uttalt at mange kunstverk som treng vedlikehald, tilsyn og restaurering, lir innanfor stramme kommunebudsjett. Det er likevel stor skilnad på kommunane, presiserer dei.

Ordførar Harald Rydland (KrF) er glad for at veggmåleriet på Rimbareid skule er framme i lyset igjen. Han meiner prislappen endar på rundt 30.000 kroner.

– Det finst mange viktige ting me kan bruka pengane på. Men eg meiner at me som kommune har eit ansvar for å ta vare på verdifull kunst av anerkjende kunstnarar. Dette kunstverket har nasjonal verdi, meiner han.

Prislappen for Fantasiens hage i 1969 var 30.000 kroner. I dagens verdi er det rundt 325.000 kroner, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Fantasiens hage av Kjell Pahr-Iversen

NYGAMAL VEGG: Veggmåleriet Fantasiens hage var skjult bak ein kvit vegg i nesten ti år, men er no framme i lyset igjen.

Foto: Eli Bjelland / NRK