Hopp til innhold

Verdifull kunst skjult i årevis bak vegg: – Fekk sjokk då eg oppdaga det

Bak den kvite veggen skjuler det seg eit kostbart veggmåleri. No blir det mobilisert for å få den gamle skatten fram i lyset att.

Karvel Strømme på Rimbareid skule på Fitjar

SKUFFA: I 40 år jobba Karvel Strømme på Rimbareid skule. – Veggmåleriet var inspirerande for meg og mange kollegaer i kvardagen, seier han.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Det er sommar 1968. Kunstnaren Kjell Pahr-Iversen har fått i oppdrag å måla eit stort veggmåleri på nye Rimbareid skule i Fitjar kommune i Sunnhordland.

Prisen er 30.000 kroner. I dag svarer dette til nesten 320.000 kroner, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Veggmåleri av Kjell Pahr-Iversen på Rimbareid skule på 1970-talet.

I GAMLE DAGAR: Eit bilete som truleg er frå ei sommaravslutning ved skulen på starten av 1970-talet, gir eit inntrykk av veggmåleriet, som er sju meter langt og to og ein halv meter høgt.

Foto: Privat

Me spolar fram til 2013. Rimbareid skule blir pussa opp og ombygd.

– Måleriet bar preg av å ha hengt i foajeen i 45 år, seier skulesjef John Karsten Raunholm.

I samråd med rektor ved skulen blei det difor vedteke å setja opp ein kvit vegg – føre det store veggmåleriet.

Kommunen følgde åndsverklova. Det var viktig å dekka det til slik at det blei sikra for ettertida og ikkje øydelagt, seier Raunholm.

Kunst av Kjell Pahr-Iversen gøymt bak ein kvit vegg på Rimbareid skule

BOKSA INN: Veggen som er sett føre måleriet, er hul, og står litt ut. Kunstverket skal difor vera heilt intakt. Måleriet som heng på delar av veggen i dag, er også måla av Kjell Pahr-Iversen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Vil ha måleriet fram igjen

– Kva i all verda? Ein kvit vegg? Eg blei sjokkert, overraska og skuffa då eg oppdaga at måleriet var dekt til, seier Karvel Strømme.

Etter 40 år som lærar på Rimbareid, pensjonerte han seg då veggmåleriet framleis var synleg.

Fleire år etter besøkte han skulen igjen, og sidan har han og kona Bjørg Lorentze Strømme jobba for å få den kvite veggen vekk.

– Måleriet var ikkje i dårleg forfatning, men treng kanskje ei oppfrisking. Dette er kunst som fortener å bli sett, seier han.

– Eg var nøgd med det måleriet

I atelieret sitt i Stavanger er kunstnar Kjell Pahr-Iversen framleis i sving.

85-åringen seier han blei irritert då han blei merksam på at måleriet på Fitjar var dekt til, utan at han var informert.

– Eg hugsar at eg var godt nøgd med det måleriet. Kanskje kunne eg ha hjelpt dei med å få orden på det, men eg blei aldri spurt, seier kunstnaren.

Kjell Pahr-Iversen i atelieret i Stavanger

I ATELIERET: Det er over 50 år sidan Kjell Pahr-Iversen dekorerte ein skule på Fitjar med eit stort veggmåleri, men han hugsar at han var nøgd med det.

Foto: Anders Haualand / NRK

Han anslår at verdien av kunstverket i dag ligg på nokre hundre tusen kroner.

– At ein skule, eit kunnskapssenter, behandlar kunst på denne måten, er sørgeleg og trist. Det står til stryk eller karakteren «lite godt», seier Pahr-Iversen.

– For mykje slurv

Kunstkritikar i NRK, Mona Pahle Bjerke, seier Kjell Pahr-Iversen er ein viktig kunstnar, med eit solid namn på den norske kunstscenen.

Det er dessverre mange historier om kunst som står og forfell i det offentlege. Dette er eit problem når ulike små og større kommunar med svært ulik ressurssituasjon får ansvar for viktig kunst, seier Bjerke.

Les også Vil bruke 600 000 på å restaurere OL-kunst

Kunstverket av Allan Mccullom "Forty Plaster Surrogates" heng i fellesarealet ved høgskulen i Innlandet.

Nyleg røysta formannskapet i Fitjar nei til å bruka mellom 50.000 og 100.000 kroner på å få veggmåleriet i stand igjen, skriv avisa Sunnhordland.

– Dette er representativt for mange kunstverk som treng vedlikehald, tilsyn og restaurering innanfor stramme kommunebudsjett. Det er likevel stor skilnad på kommunane.

Det seier direktør Sigurd Sverdrup Sandmo i KORO, som er ein statleg etat som forvaltar kunst i det offentlege rom.

Han kan ikkje uttala seg spesielt om saka på Fitjar.

På generelt grunnlag meiner han likevel det blir slurva for mykje med kontakten med kunstnarar.

– Det kostar jo ingenting å ta den telefonen. Det er det rette å gjera, og ein får diskutert dei problema som har oppstått og kva tiltak som er fornuftige. Erfaringsmessig endar det nesten alltid i eit betre resultat, seier Sandmo.

Kjell Pahr-Iversen

AKTIV KUNSTNAR: Kjell Pahr-Iversen er blitt 85 år gamal, men er framleis produktiv.

Foto: Anders Haualand / NRK

Kan få hjelp av lokale kunstnarar og entusiastar

– Eg kjem til å heisa flagget heime viss biletet kjem fram igjen, seier pensjonisten Karvel Strømme.

For sjølv om dei ikkje ville løyva pengar, var det semje i formannskapet om å undersøkja nærare kva som kan gjerast for å få det fram.

No har lokale kunstnarar og kunstinteresserte meldt seg, og er klare til å bidra. Det gjer ordførar Harald Rydland (KrF) optimistisk.

– Det er eit verdifullt kunstverk som heng der. Det kosta mykje i si tid, og er laga av ein anerkjent kunstnar. I respekt for kunstnaren også, synest eg me skal prøva å få vist dette fram igjen.

Rimbareid skule på Fitjar

RIMBAREID SKULE: Ingen av elevane som går på skulen i dag, har sett det store veggmåleriet, men no kan det bli synleg igjen.

Foto: Eli Bjelland / NRK