– Ein farse! Me er forundra over at ein offentleg oppdragsgjevar kan opptre på denne måten, seier dagleg leiar Øyvind Langemyr i Bertelsen & Garpestad (BG).
Siste året har han vunne og tapt konkurransen om å oppgradere Finnsås-, Steggje- og Kolnostunnelen på fylkesveg 53 i Sogn.
Deretter har han vunne og tapt den same konkurransen enda ein gong.
I førre veke tok saka ei ny vending då Vestland fylkeskommune sette strek over heile konkurransen, for å starte på nytt.
Då fekk Langemyr nok, og varsla søksmål mot fylkeskommunen – «om vedtaket haldast oppe».
LÆRDOM: – Eg har lært at det er viktig med god framdrift, men at det aldri må gå utover kvaliteten i konkurransegrunnlaget, seier Eivind Yttri.
Foto: Vestland fylkeskommuneTil det har fylkeskommunen ingen kommentar, men seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Vestland fylkeskommune, Eivind Yttri seier at dei «har lært».
Korleis kunne eit enkelt tunneloppdrag føre til så mykje bråk?
– Kolnostunnelen er ekkel
Først litt historie. To av tunnelane det gjeld vart bygde på 80-talet.
GODT KJEND: Då Aleksander Øren Heen var liten gut, køyrde skulebussen hans kvar dag gjennom dei tre tunnelane.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRKGruppeleiar for Senterpartiet i Vestland, Aleksander Øren Heen, hugsar godt frykta då han som liten følgde skulebussen gjennom tunnelane.
– Det er eit sterkt ynske at det blir gjort noko med dei, seier han.
Hilmar Høl (Ap) er ordførar i Årdal.
– Særleg Kolnostunnelen er ekkel, seier han.
Ekstra ekkelt er det når tungtrafikken kjem.
– Dei må legge seg midt i vegen for å kome heilskinna gjennom.
KVIR SEG: – Eg kvir meg for å køyre der, seier Anne Gine Hestetun, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Vestland fylkesting.
Foto: Eivind Fondenes / NRKAnne Gine Hestetun er årdøl og gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Vestland.
– Eg kvir meg for å køyre der, seier ho.
– Vil saksøke fylkeskommunen
Årdølane pusta difor litt lettare då fylkesvegtunnelane vart lagt på anbod i november i fjor.
– Eit utfordrande oppdrag, sa prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen, før anbodet vart overført til den nye vegadministrasjonen i Vestland fylke.
FARSE: – Me har aldri vore borti ei tilsvarande sakshandsaming tidlegare, og me er forundra over at ein offentleg oppdragsgjevar kan opptre på denne måten, seier dagleg leiar Øyvind Langemyr.
Foto: Dalane TidendeDeretter leverte BG det lågaste anbodet, men utan å få jobben.
«Ein uerfaren entreprenør som ikkje taklar oppgåvene vil i verste fall kunne isolere Årdal-samfunnet», forklarte fylkeskommunen og gav oppdraget til Flage Maskin.
Det aksepterte ikkje BG, og klaga vedtaket inn for retten.
– Visst kan vi «takle oppgåvene». Vi har vore i bransjen i seksti år, seier Langemyr.
I mai slo Bergen tingrett fast at «Vestland Fylkeskommune forbys å inngå kontrakt med Flage Maskin AS inntil spørsmålet i hovudsaka er rettskraftig avgjort av domstolane».
RASUTSETT: Finnsåstunnelen var stengd i fleire dagar på grunn av steinras i 2018.
Foto: Sondre Dalaker / NRKTo månadar seinare trekte fylkeskommunen «klørne til seg». BG fekk likevel oppdraget.
Då klaga Flage Maskin, og fylkeskommunen varsla ny gjennomgang av kvalifikasjonskravet.
Sakleg grunn til å avlyse konkurransen
15. september var den nye konklusjonen klar: Fylkeskommunen vil setje ein strek over alt, og byrje på nytt.
I ei pressemelding forklara Yttri at fylkeskommunen hadde «sakleg grunn til å avlyse konkurransen» og at det hadde «dukka opp nye utfordringar knytt til deponi».
Ein skredfarevurdering som hadde kome for dagen, viste at det var rasfare i det planlagde deponi- og riggområdet.
Beskjeden vart ikkje godt motteken hos Bertelsen & Garpestad.
– Vi aksepterer sjølvsagt at vi ikkje alltid når fram i dei konkurransane vi deltek i, men vi ventar at det offentlege følgjer eigne spelereglar. Dei er openbert ikkje følgde i denne saka, skreiv selskapet.
I fylkeskommunen seier Yttri at dei vil bruke «god tid» på å gå gjennom konkurransegrunnlaget på ny.
– Det er vrient å tidfeste, men tida fram til sommaren 2021 går fort.
Lys i tunnelen
Tilbake i Årdal trøyster årdølane seg med at det aldri er så ille at det ikkje er godt for noko.
– Det har vore nokre snubletrådar, men no må vi sjå framover, seier Hestetun.
BLIR GJORT: – Klart det er synd at me ikkje får starta opp prosjekta, men det viktigaste for Årdal er at det blir gjort, seier Hilmar Høl, ordførar i Årdal
Foto: Ina Christin Løvseth / NRKOrdførar Høl tek utsettinga «til vitande».
– Så får Årdal og fylkeskommunen betre tid på å finne eigna deponiområde for lagring av massane som kjem frå tunnelane.
Kanskje kan deponimassane brukast til å byggje «ein flott lagune», tenkjer han høgt.
– Det hadde vore fint!
TUNNELSTRID: Det vart lettare sagt enn gjort då Steiggje-, Kolnos og Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 i Årdal skulle oppgraderast.