Hopp til innhold

Kjøper like mange traktorar som før

Salet av nye traktorar her i landet gjekk kraftig ned i mai, samanlikna med fjoråret. Men i Sogn og Fjordane brukar bøndene like mykje pengar som før.

Traktor ved E39 i Førde.

LIKE MANGE SOM FØR: Traktorar var eit viktig symbol for bøndene under aksjonane i vår. No viser deg seg at bønder i Sogn og Fjordane har kjøpt like mange nye traktorar som før, trass pessimisme og krav om betre økonomi.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Denne våren har vi blitt vitne til bønder som er sintare enn aldri før. Tilbodet frå Staten i landbruksoppgjeret vart skildra som eit skambod, og bønder over heile landet aksjonerte for å vise si misnøye.

Dei ville ha meir igjen for å lage mat og nekta å godta ei lønsutvikling dei meiner ikkje er god nok.

Men trass pessimisme og krav om betre økonomi, bøndene i fjordfylket sluttar ikkje å bruke pengar. Medan det i mai vart selt langt færre traktorar på landsbasis, har bøndene i Sogn og Fjordane kjøpt like mange.

Nøgd med utviklinga

Ein av dei som har lagt merke til denne trenden er regionsjef i Felleskjøpet, Dag Arne Helle. Han har registrert at medan salet av dyre traktorar flatar ut og går ned i resten av landet, så held salstala seg gode i Sogn og Fjordane.

– Vi har hatt god respons, og vi ser at mange har tru på ei framtid i landbruket. Både salstala og utviklinga vår viser det, og det er veldig flott, seier Helle til NRK.no.

Dette er kanskje overraskande, sidan bøndene i vår har hevda at økonomien er så dårleg at det ser mørkt ut for heile næringa.

Men det må bli betre

Sjølv om Helle ser at salstala held seg oppe, er han likevel heilt klar på at noko må gjerast for å få opp investeringsviljen i landbruket.

Den må opp på eit høgare nivå, meiner han.

– Det er slitsamt både for barnefamiliar og andre som skal rekrutterast inn i landbruket, dei må investere store summar. Ein traktor er ein liten del, kanskje må ein bruke 10 millionar på å investere i ein driftsbygning, seier Helle.

Blanding av nødvendigheit og optimisme

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, trur at gode salstala for traktorar er eit symbol på at nokre bønder vel å vere optimistar.

Det sjølv om dei også kjenner på dei dystre utsiktene for sin eigen og andre bønder sin økonomi.

– Det er jo ein optimisme blant ein del som ønskjer å satse. Samtidig er dette nødvendige investeringar. Bøndene må fornye driftsapparata sine, dei kan ikkje la vere, seier Hilleren til NRK.no.