Hopp til innhold

Vil jakte med lys

Ettersøksringane får ikkje lov til å bruke kunstig lys når dei skal avslutte lidingane til skadeskotne dyr.

Hjort
Foto: Hallstein Dvergsdal

- Me tykkjer det er litt merkeleg dette her. At ein ikkje skal få lov til å bruke lys i spesielle situasjonar der hjorten er skadeskoten ei god stund før det vert mørkt men der ettersøket har vart ei stund. Når mørkret kjem på og ein må avslutte søket tykkjer eg dyrevernslova burde gå over lovverket som seier du ikkje har lov til å bruke lys, seier Bjørn Haugland i ettersøksringen i Eid kommune.

Lov ved påkøyrsle

Han meiner det blir spesielt merkeleg med tanke på at det er tillete med kunstig lys i leitinga om eit dyr til dømes er påkøyrt av ein bil. Han seier det hender alt for ofte at dei må avslutte søk etter skadeskotne dyr på grunn av at mørkret sig på.

- Ja, sjølv om jakta har gått føre seg lovlege former i god tid før det blir mørkt så tek ofte eit ettersøk tid. Det hender at ein kunne ynskt at ein kunne fått lov til å bruke lys for å få avslutte lidingane til dyret.

Frykt for misbruk

Årsaka til at lovverket er slik, er redsle for at jegerane skal misbruke høvet til å bruke kunstig lys i vanleg jakt. Haugland forstår skepsisen, men meiner det er lite å uroe seg for.

- Jo, og det er jo det som er bakgrunnen. Men det er ikkje jegerane som skal bruke lysa. Det er dei som driv med ettersøk som skal bruke lysa. Det er eventuelt dei som måtte få eit løyve til å bruke lysa, seier han.

Omdiskutert

Han fortel at dette er svært omdiskutert, både blant dei som driv med ettersøk og jegerar elles og trur at lovverket vil bli endra.

- Dette er det så stor fokus på og så mykje misnøye med at denne lova må bli vurdert igjen.