Rekordmange hjort gir mykje flått

Den rekordstore hjortestammen spreier flått i store mengder. Sauebøndene fortvilar.

Flått på sau.

Flått på ein av sauene til bonde Asbjørn Herland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bonde Asbjørn Herland frå Atløy i Askvoll.

Bonde Asbjørn Herland

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Hjorten trivst godt på Vestlandet, og flåtten trivst godt på hjorten. Den gøymer seg i dei varme og fuktige bogane, i øyrene og i lysken på det store dyret.

Ikkje flått på 50 år

Den rekordstore hjortestamma i fylket ber med seg store mengder flått. På Atløy i Askvoll har det ikkje vore flått sidan 40-50-talet.

- I år har det var somme hjortar som var heilt overfylte av flått. Eg frykta dette kunne koma til å spreia seg, og det har vist seg å stemma. No plukkar me flått av både kattar og sauer, fortel bonde Asbjørn Herland.

Ute av kontroll

Atløy og Alden

Herland på Atløy

Foto: MMS-foto: Rolf Sanne-Gundersen / NRK

Fleire hevdar no at hjortestammen er ute av kontroll. I fjor vart det ifølgje Statistisk Sentralbyrå felt over 32 000 dyr her til lands. Rundt ein tredel av dei vart felte i Sogn og Fjordane. Likevel blir det teld meir hjort enn nokon gong. På kysten der det tidlegare var streifdyr på besøk, er hjorten blitt eit fast innslag.

- Me trur jo det at hjorten er ein av fleire faktorar som bidrar til at det vert meir flått. Og dess fleire hjortar ein har, dess enklare vert det å vera flått, seier seksjonsleiar Bjørn Ytrehus ved Veterinærinstituttet.

Både dyr og menneske vert sjuke

Flåtten overfører både bakteriar, virus og parasitter som kan gi alvorlege sjukdomar hos fleire husdyrartar.

Dei siste åra har og stadig fleire menneske fått problem etter å ha blitt bitne av flått. Den viktigaste sjukdomen som overførast med skogflått i Norge er bakterien borrelia, som mellom anna fører til feber, hovudverk og muskelsmerter.