Hopp til innhold

Må byta «evigvarande» tak etter 16 år

Ubehandla sibirsk lerk vart ein fiasko som tretak på Lyngheisenteret i Lindås. – Tresorten har vorte reklamert med som noko veldig varig. Men det har vist seg å ikkje stemma, seier forskar.

Lyngheisenteret

MÅ RIVAST: Vaktmeister ved Lyngheisenteret på Lygra, Ivar Finneid, må innsjå at taket i sibirsk lerk dei monterte for 16 år sidan ikkje lenger held mål. Forskarar meiner tresorten ikkje er så evigvarande som marknadsføringa skal ha det til.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

På Lyngheisenteret på Lygra i Lindås blei byggematerialet sibirsk lerk brukt. Men no må det skiftast ut, etter berre 16 år.

– Det er skuffande. Me hadde ikkje sett for oss at det berre skulle vara i 16 år, seier dagleg leiar på senteret Torhild Kvingedal

Taket har fått omfattande ròteskadar.

– God sibirsk lerk kjem frå 250 år gamle tre, men lerken som er brukt her er berre 60 år og av dårleg kvalitet, seier vaktmeister Ivar Finneid.

Optimistisk marknadsføring

Forsking viser at sibirsk lerk ikkje er like evigvarande som mange trur.

– I det norske klimaet spesielt i område med mykje nedbør er alle treslag utsette for ròte. Også sibirsk lerk, seier Seniorforskar Anders Kirkhus i SINTEF.

Han seier at marknadsføringa nok har vore vel optimistisk.

– Det var noko som kom for om lag 10 år sidan. Det var reklamert med som noko som var veldig varig. Men det har vist seg at det er det ikkje.

LYNGHEISENTERET

KORT LEVETID: Taket på Lyngheisenteret har fått hard medfart. Fleire stader har det også blitt hol.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

Sibirsk lerk kan vera så mangt.

– Sibirsk lerk har ikkje alltid vakse i Sibir, den kan vera planta kor som helst i verda, og veksa der.

Tre som har vakse sakte i det kalde Sibir toler meir enn dei som har blitt planta varmare stadar i Europa.

– Brukt i kaldt innlandsklima som på Røros vil det vara lenger enn på den fuktige vestlandskysten, seier Kirkhus.

– Alt treverk vil rotna

Uansett kor i Noreg treverket står, vil ingenting vara evig

– Alt treverk vil før eller sidan rotna og må bytast ut når det blir utsett for ver og vind, seier Kirkhus.

På Lygra er bytinga av taket i gong. Denne gongen går dei for furu.

– Det blir behandla med tjære eller anna beis, noko som er synd. Arkitekten sin intensjon var at dette skulle vera ubehandla for å gå gli mest mogleg inn i terrenget, seier Finneid.

–Trykkbehandla furu er mest miljøvenleg

For dei som vil ha treverk som varar lengst mogleg, har Kirkhus eitt råd.

– Å bruka koparimpregnert furu er faktisk det mest miljøvenlege. Sjølv om koparen i impregneringa er ei miljøgift og ideelt sett ikkje burde brukast, så vil levetida til trykkimpregnert furu vera vesentleg mykje lenger.

– Slik blir den totale miljøbelastninga mindre enn om ein bruker ubehandla treslag, slår Kirkhus fast.

Anders Kirkhus

Anders Kirkhus er sivilarkitekt og seniorforskar ved SINTEF byggforsk. Han anbefaler trykkimpregnert furu om du vil at taket skal vara lengst mogleg.

Foto: NRK