Hopp til innhold

Flyginga gjekk ikkje heilt etter planen

12 jagarfly flaug i formasjon fra Bodø til Oslo i dag. Men dei rakk aldri innom Vestlandet.

Fløy mellom Bodø og Oslo i dag

I FORMASJON: 12 jagarfly flaug over landet i dag. Foto: Forsvaret

12 F-16-fly og to splitter nye F-35 var med i formasjonsflyginga, men flya snudde før Vestlandet fekk sjå dei.

– Det er no slik med luftoperasjonar at ting ikkje alltid går slik som vi har planlagt, seier Sigurd Tonning Olsen, presse- og informasjonsrådgjevar ved Ørland flystasjon.

Luftforsvaret skulle ringe jula inn med jagarfly i julestjerneformasjon over store delar av landet, men ruta måtte leggast om.

– I dag kom det inn litt ruskevêr på Ørlandet, noko som gjorde at jagarflypilotane ønska å komme heim før dei største snøbyene kom inn og sette seg hos oss. Difor fekk ikkje Vestlandet sjå jagarflya i dag, fortel Tonning Olsen.

F16-fly i formasjon

FORMASJON: Tysdag skulle dette synet pryde himmelen fleire stadar i landet, men jagarflya kom ikkje til Vestlandet.

Foto: Luftforsvaret

F-35-fly var med

Jagarflya tok likevel to flyturar.

Den første turen gjekk nordover, det folk så langt opp nord som Bodø kunne sjå flya. Seinare i ettermiddag flydde dei ein tur nedover mot Oslo og Rygge.

Ti F-16 og to splitter nye F-35 jagerfly fløy tirsdag i formasjon mellom Bodø og Oslo. Her er pilotenes egne opptak fra turen.

FRA LUFTEN: Slik ser fem kjente steder ut med jagerflypilotenes utsikt. Foto: FORSVARET

– På den siste flyginga forsøkte vi å fly over Vestlandet, men så blei ruta lagt om slik at flya kom tilbake til Ørlandet før det verste ruskevêret kom dit, seier Tonning Olsen.

På turen over Sør-Norge var også to av dei splitter nye F-35-flya med.

– Dei heldt nok ikkje julestjerneformasjonen gjennom heile turen, men endra litt undervegs, seier Tonning Olsen.

Kvar av turane tok om lag ein og ein halv time.

Fin dag for flytur

Sjølv om flyturen blei lagt opp på grunn av dårleg vêrforhold, har det elles vore ein fin dag for flyging for jagarflypilotane.

– Det har vore fint vêr for dei stort sett over heile landet, og eg veit at slike dagar set pilotane stor pris på, meiner Tonning Olsen.

To F-35 og tolv jagerfly lager julestjerne (Foto: Einar Bolstad)

GARDERMOEN: Her flyr jagarflya over Gardermoen.