Hopp til innhold

12 jagarfly flyr i formasjon over Norge i dag

I dag har 12 jagarfly floge i formasjon frå Bodø til Oslo. - Ei svært kompleks øving, ifølgje flygar Ivar Magne Stene.

Fløy mellom Bodø og Oslo i dag

Foto: Forsvaret

– Dette er svært krevjande flyging for dei pilotane som er med, men det kjem nok til å sjå ganske flott ut for folk på bakken, seier informasjonsansvarleg i Luftforsvaret Sigurd Tonning-Olsen.

Og sjølv om det kanskje kjem til å sjå spektakulært ut når ei gruppe jagarfly flyr i ei slik gruppe, er det også viktig å trene på slik flyging, seier Tonning-Olsen.

– Det er veldig viktig at flygarane trenar på å fly slik tett på kvarandre, så slik formasjonsflyging er også noko vi har behov for å trene mykje på.

Skal fly frå Bodø til Oslo

Flya vil vere synlege ulike stader i landet i løpet av dagen. Frå klokka 9 til klokka 11 kan ein rekne med å få auge på dei ulike stader rundt Nordland, medan dei kan dukke opp over Vestlandet og Oslo mellom klokka 12 og klokka 14.

To F-35 og tolv jagerfly lager julestjerne (Foto: Einar Bolstad)

Her flyr de over Gardermoen. Foto: Einar Bolstad

– Men det vil avhenge veldig av vêret kor vi flyr og kor tid, så det er vanskelege å kome med presise tidspunkt. Om vêret er fint, vil ein kunne sjå dei frå alle kantar, trur informasjonssjefen.

Ivar Magne Stene

KREVJANDE: Ivar Magne Stene fortel at flyginga tysdag vil bli krevjande.

Foto: Ståle Yttrehus / NRK

Oberstløytnant Ivar Magne Stene er ein av dei som skal vere med å fly i dag. Han fortel at øvinga er ein standard øving på krevjande formasjonsflyging.

– Dette er ei svært kompleks øving, der vi må vere på tå hev heile tida. Det som er viktig er at pilotane må passe på dei andre flya, samstundes som dei har fokus på oppdraget, sitt, seier Stene.

Kanskje nokre splitter nye F – 35 blir med også

Luftforsvaret har som kjent nett gått til innkjøp av nye jagarfly. Om vêret tillèt det, blir kanskje eit par av dei med også.

– Men desse flya har vi berre hatt sidan 3. november, så vi kan ikkje seie heilt sikkert om dei blir med. Folk får ta det som ei positiv overrasking om dei dukkar opp, seier Tonning-Olsen.