Løyver 16,4 millionar til fylket etter tunnelbrann

Tankvogna som eksploderte i tunnelen skapte store skader på tunnelen. No kjem det pengar frå regjeringa til repareringsarbeidet, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Jan Tore Sanner og Skatestraumtunnelen

LØYVER PENGAR: Det er nesten to månader sidan brannen i Skatestraumtunnelen i Bremanger. No kjem det pengar frå kommunaldepartementet, fortel statsråd Jan Tore Sanner (H).

Foto: Quirinus Adrichem/NTB Scanpix/Berit Roald

– Når eit lokalsamfunn vert ramma av slike katastrofar er det viktig at storsamfunnet stiller opp. Og vi dekkjer no halvparten av utgiftene. Det betyr ei utbetaling på 16,4 millionar kroner til Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier Sanner.

Det var i midten av juli at ei tankvogn med fleire tusen liter bensin, eksploderte inne i tunnelen i Bremanger.

– Storsamfunnet stiller opp

Like etter hendinga rekna ein med at det ville koste kring 50 millionar kroner å reparere tunnelen, men etter kvart kom det fram at skadeomfanget var mindre enn først tenkt.

Regjeringa har tidlegare lova pengestøtte, men først no har dei gjort vedtak om ein konkret sum på 16,4 millionar kroner.

– Dette er likebehandling av kommunar og fylkeskommunar. Når dei vert ramma av katastrofar eller naturkatastrofar så stiller storsamfunnet opp, men noko dekkjer ein også sjølv. Så no dekkjer staten halvparten, og sørgjer for at dei blir utbetalt med det aller første, seier han.

Fryktar kostnadane vil auke

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, reagerer med blanda kjensler over.

– I utgangspunktet så er det flott at vi får midlar fort. Eg hadde nok ønskt at vi fekk dekka meir, for det er krevjande med slike enkelthendingar. Eg oppfattar at statsråden samanliknar det med naturhendingar. Dette er jo ei menneskeskapt hending, men vi er eit stort tunnelfylke og vi er eit fylke som ofte har naturkatastrofar. Samanlagt så er dette store belastningar for Sogn og Fjordane, seier ho.

– Burde de fått meir?

– Eg håpar at vi får høve til å kome tilbake når vi har alle oppgjer på bordet. Det kan jo vere snakk om eit forsikringsoppgjer her og vi har ikkje oversikt over kva kostnadene vil bli no når vi køyrer kolonnekøyring, for det gjer jo at det vil ta lenger tid å gjere utbetringa. seier fylkesordføraren.

Høgre nøgd med eiga regjering

Ifølgje Sanner støttar regjeringa arbeidet med halvparten av det fylkeskommunen søkte om, men Kjelsnes seier det er litt i underkant.

– Men det er av det vi kjenner til per i dag. Eg er redd det kan auke før vi er ferdig.

Sogn og Fjordane Høgre rosar departementet for millionløyvinga.

– Dette er svært gledeleg. Det syner at kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har sett behovet for at storsamfunnet bidreg når slike ulukker råkar lokalsamfunn, seier Høgre sin fylkesordførarkandidat Noralv Distad.