Flåmsbana fyller 75 år i år og tysdag var det duka for feiring.
Blant gjestene var konsernsjef Geir Isaksen i NSB. Han hadde med seg ei gåve til «bursdagsbarnet».
– At vi må skifte ut desse vognene, det er nok ganske openbert. Det kjem i løpet av få år, seier Isaksen.
- Les også:
Er i planleggingsfasen
Saman med Aurland ressursutvikling står NSB som eigarar av Flåmsbana. Isaksen meiner den er ein av Norges viktigaste turistattraksjonar.
– Vi har veldig stor tru på at Flåmsbana utviklar seg vidare til å vere ein av dei aller viktigaste reiselivsdestinasjonane i Norge. Vi synest det har vore ei positiv utvikling dei siste åra og vil veldig gjerne vere med på dette vidare, seier NSB-sjefen.
Isaksen er altså ikkje i tvil om at nye vogner må på plass, men korleis dei skal utsmykkast er enn så lenge usikkert.
- Les også:
– No er vi i ein planleggingsfase der ein ser seg om etter kva slags materiell ein kan bruke her. Det er nok litt ulike alternativ. Nokre har lyst på vindauge i taket slik at ein kan sjå ut gjennom taket. Vi må vege dei ulike alternativa opp mot kvarandre når det gjeld kostnad og kva attraktivitet dei har.
Spente på utviklinga vidare
Det NSB-sjefen veit sikkert er at dei vil vere med å utvikle Flåmsbana vidare, og ikkje minst følgje med på korleis regjeringa si jernbanereform vil påverke bana.
– Men vårt ønskje er å halde fram å køyre Flåmsbana og halde fram det samarbeidet vi har i dag, som eg synest fungerer veldig godt.
- Les også:
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen var også til stades på markeringa. Han tok togturen for første gong, og var imponert.
– Det at vi har dette sidesporet, som det eigentleg er, men som blir brukt flittig av 800.000 reisande turistar, det er jo ei fantastisk greie. Både for jernbanestrekninga og ingeniørkunsten det er, men også for turistsida av det, seier han.