Hopp til innhold

Passerte 100 millionar kroner for første gang

Flåmsbana, The Fjords, Fretheim Hotel og Flåmsbane-museet viser ein rekordomsetnad i år, og ein auke i talet på besøkande samanlikna med 2014.

Cruiseturistar i Flåm

REKORD: Aldri før har turistane lagt att så mykje pengar i Flåm som i år.

Foto: Jan Cristian Jerving

Andre tertial i år bikka utviklingsselskapet for første gang ein omsetnad på 101,4 millionar kroner. Det er 27,7 millionar kroner meir enn same periode i fjor.

Resultatet før skatt auka med 29,4 millionar kroner.

God utvikling

REKORD: Solrun Hjelleflat fortel om rekordomsetnad for reiselivet i Aurland.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har hatt den beste sommaren nokon gong, summerer opp Solrun Hjelleflat, administrerande direktør i Aurland Ressursutvikling.

– Ein milepåle

Hjelleflat grunngjev utviklinga med kostnadseffektiv drift, god logistikk, produktbetringar, nytt kundesenter og gode digitale løysingar.

– Det er ein milepæl for oss å passere 100 millionar i omsetnad. Det har vore ein god turistsommar i Noreg med ein vekst på nesten 10 prosent målt i talet på hotellovernattingar. Det er likevel ein beskjeden vekst samanlikna med våre tal, seier ho.

Alle driftsoperasjonane i Aurland Ressursutvikling er samla i det nye driftsselskapet Flåm AS.

Krev effektivisering

Flåmsbana

POPULÆR: Flåmsbana ser i år ut til å nå 760 000 reisande – ein auke på åtte prosent frå i fjor.

Foto: Jan Christian Jerving

Det er Flåm AS som legg til rette reiser og opplevingar i Flåm og omland. Ved utgangen av august hadde selskapet selt reiser, aktivitetar, overnatting, opplevingar og suvenirar for totalt 193 millionar.

Effektivisering av salet gjennom ein ny nett- og bookingplattform har vist seg å vere ei god investering for Aurland Ressursutvikling.

– Skal ein få til heilårsarbeidsplassar og ein heilårsopen destinasjon, der reiselivet i utgangspunktet er sesongprega krev det effektivisering av kostnader samtidig som ein utviklar potensialet i marknaden, seier Hjelleflat.

Aukar salet

Cruiseskipet Britannia på veg til kai i Flåm
Foto: Jan Christian Jerving

Utviklingsselskapet er eigd av Aurland kommune, Siva Eigedom og Aurland Sparebank og er engasjert i utviklinga av Flåm som reisemål. Arbeidet har ført fram. Per august auka Fretheim Hotell med kring 2 000 overnattingsdøgn til 14 476. Omsetnaden var då på 38,5 millionar, mot 32,3 millionar på same tid i fjor.

Samanlikna med fjorårstalet auka Flåmsbane-museet besøkstalet med 39 prosent, og Flåmsbana tal reisande med åtte prosent.

– At Flåmsbana aukar skuldast ikkje minst at betre styring med salet har gitt betre utnytting av kapasiteten på dei mest etterspurde avgangane. Det same gjeld for The Fjords, som har levert fjordopplevingar på Nærøyfjorden, Geiranger og Lysefjorden, seier Hjelleflat.