Hopp til innhold

Lovar ei tørr hausthelg over heile landet

Det blir ei tørr og flott hausthelg i heile fastlands-Noreg og gode moglegheiter til å kome seg ut på fine turar.

Utsikt over Jølstravatnet i Sunnfjord.

UTSIKT: Fredag var Randi Ryssdal på tur i Jølster og fanga denne utsikta over Jølstravatnet.

Foto: Randi Ryssdal

– No har eg nett sett meg ned for å nyte utsikta. Dette er skikkeleg fint, fortel Randi Ryssdal aka.@fotobesta på Instagram.

Ho er ein av mange som nyt det fine haustvêret i vest desse dagane, og i helga ventar nye turar.

Men over heile landet held nedbøren seg truleg unna i helga, fortel statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

På bileta ho har på dataskjermane på kontoret i Bergen er det ingenting som tyder på regn på fastlandet.

– Det er eigentleg Svalbard som får vêret i helga.

Der er det venta meir haustleg vêr og ein del nedbør dei neste dagane.

På Austlandet vil truleg skyene ligge tett, men høgt, medan både vestlendingar, trønderar og folk i nord vil få periodar med sol.

– Skydekket er den største utfordringa i helga. Det som nærmar seg frå vest ser ut til å berre gje skyer og veldig lite nedbør. Stort sett opphaldsvêr på heile fastlandet, lovar Andersen.

I Sør-Noreg vil temperaturane ligge mellom 15 og 18 grader, medan i nord vil det truleg bli mellom 10 og 15 grader.

– Det er litt avhengig av kor mykje sol som kjem igjennom skydekket.

Laster Giphy-innhold