Hopp til innhold

Lovar å satse på Høyanger og Årdal

Hydro har det som skal til for dei neste 100 åra til å skape morgondagens grøne industrieventyr, og vil satse vidare på aluminiumverka i Høyanger og Årdal.

Ola Sæter

STOLT AV HØYANGER VERK: Direktør Ola Sæter i Hydro.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Dette var bodskapen til Ola Sæter på industriseminaret i Høyanger onsdag. Sæter er ansvarleg for Hydro sine verk i Norge.

– Høyanger Verk er vi veldig stolte av, dei har vist evne til omstilling og forbetring i mange år. Her satsar vi vidare, her har vi investert betydelege beløp for dei neste 100 åra.

Som ein del av 100-årsmarkeringa for industristaden Høyanger var 230 personar samla til seminar i samfunnshuset i bygda. Temaet var korleis dei skal takle dei komande 100 åra.

– Fantastisk!

At Hydro lovar drift i Høyanger dei neste 100 åra vert tatt godt imot av ordførar Petter Sortland (Ap).

– Det synest eg er fantastisk. Hydro er hjørnesteinsbedrifta vår. Er den sikra for 100 nye år så er lokalsamfunnet også sikra for 100 nye år. Då kan vi byggje på med dei andre bedriftene vi og treng i tillegg til Hydro.

Medan andre næringar nedbemannar, gir kraftoverskot, rekordlåge straumprisar og gunstig kronekurs bra levekår for aluminiumindustrien. Ola Sæter seier Hydro satser stort på alle verk rundt om i landet, blant anna Høyanger og Årdal.

– Vi blir stadig vekk betre på det vi er gode på. Det gjer at vi får stadig meir krevjande kundar, mellom anna bilindustrien i Europa. Der kan vi bruke vår høgteknologikompetanse som er veldig sterk her i Sogn og Fjordane og dermed vinne kappløpet.

Høyanger Verk

100 ÅR MED ALUMINIUM: I Høyanger ligg det an til produksjon av lettmetall i mange år framover, lovar Hydro.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nærast umetteleg behov

Med den satsinga på aluminium i bil som er på gang no meiner Sæter at det blir eit nærast umetteleg behov for metallet frå dei to aluminiumsbygdene i Sogn.

– Ford i USA har erstatta stål med aluminium i karosseriet på ein av modellane sine. Det gjer bilen 300 kilo lettare. Berre metallet i den eine modellen tilsvarar det femdoble av produksjonskapasiteten til Høyanger verk.

Bilfabrikantane Audi og BMW bankar på døra i Høyanger, for der veit dei at dei får kvalitet og leveringspålitelegheit. Det er litt av ein attest å ha, sa Sæter i sitt innlegg.

Han lovar at Hydro heile tida vil arbeide for å vidareutvikle verka i Årdal og Høyanger, utan at det inneber noka utbygging for å auke produksjonskapasiteten.

Petter Sortland

– FASTLANDSINDUSTRIEN VIKTIG: Ordførar Petter Sortland (Ap).

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi jobbar heile tida med å auke produktiviteten og effektiviteten. Men vi ser absolutt ikkje føre oss bemanningsreduksjonar framover.

– Den gode, gamaldagse fastlandsindustrien

Og at Hydro satsar på drift i Høyanger i lang framtid er godt nytt for dei som bur der.

– Det høyrest veldig bra ut. Inntektene til denne bygda kjem for det aller meste frå Hydro, seier ein av dei vi møter på gata i Høyanger. – Utan Hydro hadde det ikkje vore noko her, seier ein annan.

I ei tid der oljebransjen har kutta dramatisk, meiner ordførar Petter Sortland at fastlandsindustrien er endå viktigare enn før.

– Ja, så absolutt. Det er utruleg viktig å sette fokus på på den gode, gamaldagse, trauste næringa som er kalla industri i fastlands-Norge. For den er utruleg viktig.