I Årdal er dei svært godt nøgde med eit resultat som er heile 186 millionar kroner betre enn i same kvartal i fjor,
Då har selskapet også sett av 13 millionar kroner til pensjonsutgifter.– Dette er eitt av dei beste resultata vi har hatt, og vi har med oss det gode resultatet frå 4. kvartal i 2014, seier fabrikksjef Egil Fredriksen.
Forklaringa på det gode resultatet ligg i ein kombinasjon av gode metallprisar og gode valutakursar.
- Les også:
Pengemaskina
– Elektrolysen som er pengemaskina vår har aldri gått så godt som no, seier Fredriksen.
Støyperiet ved Metallverket i Årdal har også vore gjennom ei stor omstilling.
GÅR MED OVERSKOT: Egil Fredriksen er fabrikksjef ved Hydro i Årdal.
Foto: Tony Hall / Hydro– Sjølv om produksjonen har gått noko ned tener vi no meir pengar på det vi produserer.
- Les også:
På den gamle tradisjonelle marknaden blei metallverket i Årdal utkonkurrert på pris av kinesiske halvfabrikat og arabiske produsentar som har tatt mykje av den gamle marknaden.
– Vi var berre nøydde til å omstille oss, seier Fredriksen, som også ser svært lyst på utsiktene for 2. kvartal.
Overskot også i Høyanger
I Høyanger vart resultatet før renter og skatt 50 millionar kroner i pluss i 1. kvartal i 2015. Det er ei kraftig forbetring samanlikna med same kvartal i fjor, då resultatet var 1,4 millionar kroner.
Resultatet i 1. kvartal avspeglar god og effektiv drift, skriv verksemda i ei pressemelding.
Støyperiet i Høyanger er også i full gang med kvalifisering inn mot nye marknader og nye produkt, og dei innfører ny støypeteknologi.