Hopp til innhold

Norske styresmakter til aksjon mot Betsson og fem andre selskap

Kontoar tilhøyrande seks bettingselskap på Malta, blant anna Betsson, har blitt blokkert av det norske lotteritilsynet. Dei er mistenkt for å drive ulovleg i Noreg.

Nettspill

NORSK AKSJON: Selskapa som no har blitt blokkert, skal ha drive direkte marknadsføring mot norske spelarar. Det er forbode ifølgje norsk lov.

Foto: www.colourbox.com

Denne veka sende tilsynet med base i Førde, ut ordre til norske bankar om å stanse alle utbetalingar til seks maltesiske selskap, samt betalingar til selskapa via tredjepart.

– Vi har bedt norske bankar om å stanse pengespel-transaksjonar til dei utanlandske spelselskapa som ikkje har løyve til å operere i Noreg, seier seniorrådgjevar Trygve Hermansen til NRK.

Kjende selskap

Ifølgje nyheitsbyrået Bloomberg og avisa Times of Malta gjeld dette mellom anna Betsson, Co-Gaming og fire andre selskap som i november i fjor fekk åtvaring frå Lotteri- og stiftingstilsynettilsynet om ulovleg marknadsføring mot norske spelarar.

Både selskapa og den statlege spel-myndigheita på Malta er orientert om den norske blokaden, melder avisa. Tilsynet er tydeleg på at dei no gjer det dei kan for å stanse ulovleg speling i Noreg.

– Vi prøvar å stanse deira aktivitet i Noreg. Dei tilbyr til pengespel til Noreg, då må du ha løyve. Det har ikkje desse selskapa, seier Trygve Hermansen.

Fleire norske kjendisar har vore knytte opp til utanlandske spelselskap. Blant anna Tone Damli og John Arne Riise.

Trygve Hermansen i Lotteritilsynet

VANSKELEG KAMP: Seniorrådgjevar Trygve Hermansen i Lotteritilsynet legg ikkje skjul på at dei kjempar ein tøff kamp mot dei utanlandske spelselskapa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Katt og mus-leik

Han seier at den norske spelmyndigheita har jobba intenst med dette over fleire år og at aksjonen mot selskap på Malta ikkje er eineståande.

– Vi kjem til å halde fram så lenge vi har moglegheita til å finne nye kontoar som blir brukt.

– Er dette ein vanskeleg kamp å vinne?

– Dette er ein katt og mus-leik. Vi prøver å stanse dei transaksjonane og kontoane vi vinn. Men selskapa gjer det dei kan for å omgå det norske regelverket og vi følgjer etter så godt vi klarar, slår Hermansen fast.

Jaktar ulovleg gambling

Det statlege tilsynet jobbar heile tida med å identifisere og reagere mot kontonummer som blir brukt til å formidle innskot og gevinstar til og frå pengespelselskap som ikkje har løyve i Noreg.

– Når slike konkrete kontonummer blir avdekka har vi moglegheit til å reagere med vedtak om stans av transaksjonar, slik vi i har gjort i dette tilfellet, skriv Lotteritilsynet i breva til norske bankar.

Sterkt usamde

Rolf Sims i Kindred Group, som er eitt av dei råka selskapa, er sterkt usamd i Lotteritilsynet sine påstandar og handlemåte. Sims er også talsperson for spelbransjen i Noreg.

– Det er ikkje noko nytt at Lotteritilsynet forsøker å stanse uttak til spelarar. Dette har i enkelte tilfelle ført til noko forseinking for enkelte, men alle har fått og vil sjølvsagt framleis få sine uttak, seier Sims.

Tilsynet seier at dei vil gjere det dei kan for å stanse det dei meiner er ulovleg spel i Noreg, kva tenker du om det?

– Det er ikkje ulovleg for norske spelarar å delta i utanlandske pengespel på nett. Norske spelarar er i sin fulle rett til å velje å spele hos oss dersom dei ønskjer det.