Når du skal bake lefser på gamlemåten i mange timar må du ha litt futt i armane. Hos Jølster Bakst i Sunnfjord merkar dei godt at folk vil ha heimelaga lefser. Tre dagar i veka står no Hilde Søgnesand og bakar ut leiv på leiv med heimelaga lefse.
– Den tradisjonelle norske maten har blitt veldig populær dei siste åra, seier Søgnesand til NRK då dei vitjar ho på bakstehuset.
Folk vil ha det året rundt
Det er ikkje lenger berre førjulssesongen som er travel for kvinnene i bakstehuset inst i Kjøsnesfjorden i Jølster. Året rundt har folk no fått auga opp for lokal tradisjonsmat som til dømes lefser og flatbrød.
– Vi lagar bra med lefser heile året, seier Søgnesand og legg lattermild til:
– Du kan kanskje seie at januar er litt roleg. Då skal alle slanke seg og ete opp det dei har i frysen.
Resten av året er etterspurnaden etter den tradisjonsrike maten dei lagar i bakstehuset på topp. Folk vil ha heimelaga lefser og flatbrød, småkaker og andre bakarvarer til både bryllaup, konfirmasjon, jul og påske og andre store dagar.
– Det er dette folk vil severe når dei skal ta fram det ekstra gode, forklarar Søgnesand.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har auka med 20 prosent
Og det er ikkje berre heimelaga lefser folk vil ha. I butikkane sel all lokalprodusert mat godt om dagen. Alt frå kjøt og pølser, fiskeprodukt og bakst som kjem frå lokale leverandørar står høgt på ønskelista hos forbrukarane.
Dei siste åra har omsetnaden for lokalprodusert mat auka med 20 prosent og omsetninga nærmar seg no tre milliardar kroner.
På ein av dei store matbutikkane i Førde, Coop Extra, merkar butikksjefen godt at dei lokale produkta forsvinn fort frå hyllene.
– Hos oss har det vel auka med ein 30 prosent berre i år, seier butikksjef Ørjan Alme.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
– Laga på gamlemåten
På butikken kan folk finne både geitekjøt og kjekjøt frå Kandalen, flatbrød og fiskebrød frå Hajen i Naustdal og laks frå Svanøy for å nemne noko.
På spørsmålet om kvifor folk er blitt så glad i denne typen produkt svarar Alme at det truleg har noko med at folk har eit sterkt forhold til denne typen mat.
– Det er lokal mat, og dei veit at dei får skikkelege råvarer. Det er laga på den gamle måten, slik dei vil ha det, seier butikksjefen.
Trur haldningane har endra seg
Også lefsebakarane på Jølster trur mat med sjel og historie har blitt viktigare for folk. Søgnesand fortel at då ho utdanna seg til kokk for ein del år tilbake var mykje av pensumet frå det franske kjøkkenet. No har det blitt viktigare med norsk mat for folk flest.
– Dei norske landslagskokkane rosar den norske maten opp i skyene, og det trur eg smittar over på folk og haldninga dei har til norsk mat, seier ho.
– I tillegg er det dette med tradisjonar og røtene våre, kor kjem vi frå. Så eg trur dette er liv laga, seier ho.