Hopp til innhold

Lokale varer til julebordet

På Fretheim Hotel og Gloppen Hotell satsar dei på lokale råvarer.

Julemat

PINNEKJØT: Fretheim Hotel og Gloppen Hotell garanterar pinnekjøt frå lokale produsentar på juleborda sine.

Foto: Scanpix

I riktig gamle dagar laga bonden sjølv julematen. Slakting, salting og tørking fann stad på dei ulike gardane.

Fretheim Hotel i Flåm

FRETHEIM HOTEL: Dei har både røykhus og stabbur ved Fretheim Hotel.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

No er vi vande med å få maten frå butikken og gjerne langvegsfrå, men to hotell i Sogn og Fjordane vil ta dei gamle tradisjonane tilbake.

– Vi har ein filosofi her på Fretheim Hotel som heiter ”det beviste kjøkken”. Det går ut på at vi skal vere beviste på kva vi serverar til kundane våre. Difor hentar vi inn matvarer frå lokale produsentar, seier Mette Bakketun.

Fretheim Hotel har både eige røykhus og stabbur.

Mor sine oppskrifter

Ved Gloppen Hotell får dei hjelp til matproduksjonen av Bodil Fjellestad og Fjordameny. Ho nyttar seg av gode, gamle triks når maten skal på bordet.

– Vi har blant anna lokale bønder som leverar heile skrottar av lam som vi lagar saueribbe av, og vi får også levert edelgris som vi lagar svineribbe av. Og så lagar vi alt etter gode og gamle oppskrifter, seier Fjellestad.

– Er det mor di sine oppskrifter det da?

– Ja, blant anna, men vi har òg fått ein del frå bygdekvinnelaget i Gloppen.

Snart fullbooka

Gloppen Hotell

MORS OPPSKRIFT: Tradisjonsrike oppskrifter vert ofte brukt på Gloppen Hotell.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Menyen på hotellet kjem med adressa til bonden som har ala opp dyra. Hotelldirektør, Dag Moen, ser ikkje vekk frå at nokon kan finne at sine eigne dyr på tallerkenen.

– Det verkar som om mange glopparar verkar til å vere stolte av at dei kan få sin eigen mat på menyen vår, seier Moen

Og det ser ut til å vere fleire enn dei lokale produsentane som set pris på den lokale maten ein kan få servert på dei to hotella, for juleborda deira er så godt som fullbooka.

HØYR OM DEI LOKALE RÅVARENE PÅ HOTELLA: