Hopp til innhold

– Klare for å setje spaden i jorda

Det er ikkje kvar dag LO og NHO drikk champagne saman, men i dag spretta dei flaska for ferjefri E39.

NHO og LO feirer E39 med kake og champagne

CHAMPAGNEFEST FOR E39: Tom Knudsen (NHO), Sigrid Brattebø Handegard (Sp), Roger Pilskog (LO), Magne Rommetveit (Ap) feira fergefri E30 på Stord i dag.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det finst vel ei og anna sak vi er ueinige om, men vi har felles interesser i å styrke næringsliv, arbeidsplassar og skatteinntekter, seier distriktssekretær i LO i Hordaland, Roger Pilskog.

I dag samlast dei på Stord hotell på kakefest for å feire regjeringa sin lovnad om ferjefri E39 i løpet av 20 år.

– Det er ein jubeldag for næringslivet. Det tryggar arbeidsplassar og gjer bedriftene meir konkurransedyktige, seier Pilskog.

– Kunne klart det på 10 år

I NHO er optimismen stor. Dei er glade for at regjeringa har tatt tak, og meiner dei åtte fjordkryssingane er realistisk å få til på 20 år.

– Dette kunne gått an å få til på 10 år også, no når vilja er til stades. Utfordringa er Sognefjorden, men i Rogaland og Hordaland er vi klare for å setje spaden i jorda, seier regiondirektør i NHO, Tom Knutsen.

Første steg er Rogfast, som er kryssing av Boknafjorden. Regjeringa har lagt ein milliard på bordet, medan bilistane gjennom bompengar skal sørgje for dei resterande 9 milliardane prosjektet vil koste.

Heiar og drikk champagne

NHO har lenge pressa på for å få vegprosjektet realisert.

– Vi håpar no i første omgang på planmidlar til Hordfast, og at bygginga av Rogfast kjem i gang, seier Knutsen.

NHO synest det er spesielt positivt at prosjektet femnar om heile E39 og ikkje er stykkevis og delt. Prislappen for opprusta og ferjefri E39 er sett til 150 milliardar kroner.

– Det er unikt at det no blir tatt ein skikkeleg grep om heile E39. Vi heiar og drikk champagne, seier Knutsen.