Hopp til innhold

Heldt på å døy av vepsestikk etter å ha gløymt medisinen

STAD (NRK): Bård Stian Dalseth kunne mista livet av vepsestikk fordi medisinen var vekke. No er det snart høgsesong for veps.

Bård Stian Dalseth

REDDA LIVET: Bård Stian Dalseth frå Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er vanskeleg å seie kor mykje lenger det kunne gått utan hjelp. Eg prøvar å halde meg roleg, men kjenner jo at panikken kjem anten ein vil eller ikkje, seier Bård Stian Dalseth.

Det var for vel to veker sidan på jobb som anleggsmaskinførar på Flatraket i Stad kommune.

Nordfjordingen veit han må vere varsam, men denne dagen var motgifta mot vepsestikk gløymt igjen i privatbilen som stod på verkstad.

Halsen snørte seg saman

I gravemaskina kjende han det farlege stikket i ankelen, snart var gode råd dyre.

– Vepsen stakk utan at eg merka han var i nærleiken, slik sett er vepsen lunefull, seier Dalseth.

40-åringen veit han er allergisk, men kjente ikkje fyrst nokon sterk reaksjon. Derfor bestemte han seg for sjølv å ta seg til lege. Under den nær timeslange reisa til legevakta vart forma likevel berre verre og verre. Han streva også med å få kontakt med rett legevakt.

– Det er den ekle kjensla av at ein ikkje får puste. Det snører seg til i halsen, og tunga vil ikkje lystre skikkeleg når ein pratar. Ein føler dette ikkje vil gå bra, seier Dalseth.

Til alt hell visste han om bustaden til ein lege langs vegen mot Nordfjordeid. Han stoppa ved døra, og legen var rask med å ringe ambulanse.

Etter få minutt kom ambulansen med medisin, og Dalseth vart lagt inn på Nordfjord sjukehus.

Lærdomen er å alltid hugse medisinen. Vepseallergikarar får tildelt ein eigen penn med adrenalin som ein sjølv stikk inn i lårmuskelen.

– Adrenalinpennen er livsviktig, den burde eg hatt den dagen også, seier Dalseth oppriktig.

Kontakt 113 om naudsynt

I år er det venta å bli vepseår. Seniorrådgjevar Anna Bistrup i Noregs Astma- og allergiforbund understrekar at dei aller fleste av oss likevel har lite å frykte.

Anna Bistrup, helserådgiver Norges Astma- og allergiforbund

GIR RÅD: Anna Bistrup i NAAF.

Foto: ukjent

– Det å få eit stikk som er vondt og at ein hovnar opp rundt stikket er ikkje farleg.

Bistrup seier ein må kontakte lege om ein kjenner kvalme eller kastar opp. Det same gjeld pusteproblem, problem med medvitet, blodtrykksfall eller om ein hovnar opp i luftvegane.

– Då må ein kontakte 113 veldig fort.

Ta med motgift

Kvart år døyr ein til to personar her til lands etter å ha blitt stukken av veps i fylgje Folkehelseinstituttet. Som regel er dette folk over 60 år, og med kjent allergi. Dei gongane folk har mista livet skuldast det nettopp at motgifta er langt unna.

– Dei som veit dei er allergiske må ta med seg adrenalinpennen der dei er i sommarhalvåret, og ikkje reise frå den, seier Bistrup.

Veps på moreller

VEPS: Vepsen kan stikke deg, men er også ein viktig del av naturen.

Foto: Per Einar Stranden

Det er mogleg å bli kvitt vepseallergi, då må ein gjennom eit årelangt program der ein får små dosar gift i kroppen for å utvikle immunitet.

– Det er eit tilbod der ute, er ein hardt råka kan det absolutt vere verdt det, seier ho.

Passar seg skikkeleg for vepsen

Bård Stian Dalseth driv også firma med skogsarbeid og trefelling. Derfor er han van med å passe seg.

– Eg tenker på det heile tida i skogen, der ser vi veps titt og ofte. Heldigvis gjekk det bra denne gongen, og eg lærte at adrenalinpennen må følgje med som min nærmaste ven, smiler han.

Bård Stian Dalseth

HJELPA: Framover skal Dalseth ha to slike adrenalinpennar i nærleiken.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

LES OGSÅ: Kor farleg er eigentleg vepsestikk?