Hopp til innhold

Linn (22) blei tatt av steinras på denne vegen – fire år seinare vil regjeringa rusta den opp

Linn Kvandal fekk brot i nakken etter at ho blei tatt av steinras på riksveg 13. No vil regjeringspartia gi over ein milliard kroner til rassikringstiltak på den nasjonale turistvegen.

Linn Kvandal ved ulukkesstaden i Ullensvang

TILBAKE PÅ ULUKKESSTADEN: Linn Kvandal (22) blei tatt av steinskred på riksveg 13 for fire år sidan. No vil regjeringa ruste vegen opp.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg synest det er litt skummelt når det regner mykje. Eg unngår det ikkje, men eg synest det er veldig ubehageleg, seier Linn Kvandal.

Med den nyfødde dottera i baksetet har ho lagt ut på riksveg 13 mellom Odda og Skare i Hardanger. Vegen er Nasjonal turistveg, og ein av hovudvegane på Vestlandet. Ei strekning Linn køyrer ofte.

Ubehaget har ho god grunn til å kjenna på. For vegen kan vera alt anna enn trygg.

Det fekk ho sjølv oppleva då det gjekk eit stort steinras på vegen hausten 2017. Då raset kom, var ho på feil stad til feil tid.

Ho køyrde rett inn i ein stor stein.

Ras på rv 13 i Odda

STORT RAS: Bilistane klarte ikkje å sjå raset før de sto midt i det. Bilen Linn Kvandal sat i er den mørkelilla.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Høyrde bulderet

No er ho tilbake der raset gjekk, rett utanfor Lausasteintunnelen.

– Vi høyrde at det buldra ned gjennom her. Då måtte vi springa inn i tunnelen, seier ho.

22-åringen hadde flaks. Ho fekk eit brot i nakken, men overlevde.

Steinraset har ho aldri gløymt. Framleis vegrar ho seg for å køyra strekninga i dårleg vêr. For det kan skje igjen.

– Neste gong kan det vera ein skulebuss eller nokon andre med små ungar. Eller meg med min vesle unge, seier ho.

Linn Kvandal skadd etter ras i Odda
Foto: Tale Hauso / NRK

– Ein viktig start

Litt lenger nord på riksveg 13 viser det spor i fjellet etter fleire ras som har gått mellom Odda og Tyssedal.

Politikarane frå Høgre, KrF og Venstre studerer skred-arret. Dei kjem no med ei milliardgåve frå regjeringa.

I regjeringas forslag til Nasjonal Transportplan (NTP) løyver regjeringa over 1,3 milliardar kroner til skredsikringstiltak og betring av riksveg 13 mellom Ullensvang og Sogndal.

Politikerne på rasstedet ved rv. 13.

FORESLÅR SIKRING: Regjeringspartia ønsker å prioritere skredsikring av riksveg 13. Her representer ved lokale politikarar Joel Ystebø (KrF), Erlend Nævdal-Bolstad (H) og Eivind Tokheim (V).

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er viktig at rassikring vert sett på agendaen. Det er ei viktig prioritering for regjeringa, seier Joel Ystebø (KrF).

– Dette blir eit løft for riksveg 13, og er ein god start, seier Erlend Nævdal Bolstad (H).

Strekninga har også vore sterkt trafikkert, med flaskehalsar spesielt i turistsesongen. Løyvinga er likevel ikkje stor nok til å få brei veg heile strekningen.

– Det er på langt nær nok til å få gul midtstripe heile vegen, men det er i alle fall ein viktig start, seier Eivind Tokheim (V).

Men regjeringspartia er i mindretal, og er derfor avhengige av fleirtal for å få forslaget gjennom. Med Frp så har dei det:

– Vi ser det som sjølvsagt at desse planane skal prioriterast i NTP, så dette lovar bra. Så får vi studere planane nøye og sjå til at regjeringa føreslår nok og framtidsretta tiltak på vegen, seier stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp).

Håper på skredsikring

Nasjonal Transportplan (2022–2033) presenterer regjeringas transportpolitikk. Det er forventa at planen vil bli presentert i slutten av mars.

Linn Kvandal kryssar fingrane for at riksveg 13 blir prioritert og sikra.

– Eg vil at alle skal føla seg trygge når dei køyrer her. Eg håpar arbeidet blir gjort skikkeleg, slik at vi føler oss trygge, seier ho.

OPPRUSTING: Riksveg 13 går mellom Sogndalsfjøra i Sogndal og Stavanger. Regjeringa vil prioritere vegen mellom Skare og Sogndal.

RAS: Linn Kvandal var 19 år da ho vart tatt av eit steinras på riksveg 13. Ho sat i den raudlilla bilen da raset gjekk. Ho fekk brot i nakken.