– To dagar før avreise sa ligaen at dei ikkje ville sleppe meg fordi eg hadde status som skadd. Landslaget sende brev, klubben gjorde det dei kunne, men reglar er reglar og det var ikkje noko å gjere med, seier Elise Thorsnes.
Bad om å få reise
Landslagsspelaren er heime i Noreg i samband med dei avgjerande kvalifiseringskampane til VM i Frankrike neste år. Etter planen skulle ho også spelt haustsesongen for ein norsk klubb.
Opphaldet i USA har ikkje gått heilt etter planen. Ein betennelse i hamstringsfestet og hjerneristing har gjort at det berre er blitt 353 mållause speleminutt for nyskipa Utah Royals.
Med tre kampar att av sesongen, bad Thorsnes trenaren om å få reise heim.
– Eg fortalde eg hadde moglegheit til å spele ut haustsesongen i Noreg. Slik kunne eg få 12–15 kampar, i staden for ti minuttar her og ti minuttar der, seier ho.
– Det er bittert
Klubben sa ja, men ifølgje regelverket til ligaen kan ikkje ein klubb sleppe frå seg skadde spelarar.
– Utah Royals var veldig greie og sa eg kunne reise for å gjere det eg måtte gjere for å bli klar til dei siste landskampane. Dei skulle betale lønna ut året, seier Thorsnes og legg til.
– Det er bittert, men det var vel ei meining med det. Eg har eg skaden og veit ikkje når eg blir klar att. Slik sett er det kanskje like greitt å måtte ta det med ro ein periode for å bli frisk.
Takkar seg sjølv
Thorsnes
før ho . Då turen hadde ho også med seg skaden. Den vart verre i USA. Truleg som følgje av to år utan særskilt ferie frå fotballen.- Les også:
– Slik sett kan eg takke meg sjølv for skaden, seier Toppseriens mestscorande nokosinne.
– Er du frisk nok til å spele for landslaget?
– Det går nok fint. Eg er mykje betre no enn for ein månad sidan. Det er ein slik skade at det berre er prosessen med å bli betre som tek litt lenger tid.
VM-sluttspel
Kvar vegen går vidare over nyttår er førebels uvisst. Men før den tid ventar avgjerande VM-kvalifiseringskampar mot Slovakia og EM-meistrane Nederland. Thorsnes står med 19 mål på 115 landskampar.
– Vi bør vinne begge, men har også play-off om vi taper. Vi har spelt jamt mot Nederland tidlegare, så det er fullt mogleg, seier ho.
Thorsnes vil til VM-sluttspelet i Frankrike neste år.
– Kvalifiserer vi oss ikkje, så blir det heller ikkje OL. Då er det ikkje meisterskap før i 2021, seier ho.