– Det er masse kjensler. Det er ufatteleg deilig, og eg er stolt. Dette er fortent etter alle sølvmedaljane, seier ei rørt Elise Thorsnes til NRK.
Dermed kunne Avaldsnes heve pokalen for første gong. Klubben har tre seriesølv og to cupsølv bak seg, men har aldri vunne noko. Før i dag.
Vålerenga tapte sin første finale.
Matchvinnaren til Australia i morgon
– Gullet betyr alt. Vi klarer det på tredje forsøk, seier Thorsnes, som i morgon reiser til eit nytt eventyr i Australia.
– Eg tek til å bli gammal og vil oppleve noko nytt, seier 29-åringen. – Eg trur ikkje det blir vanskeleg å la klubben sleppe meg, sjølv om eg har kontrakt i to år til.
No skal ho feire.
– Ja, og det blir ikkje roleg.
Trenar Per Inge Jacobsen var utsliten etter kampen.
– Det var viktig å knekke koden, seier Jacobsen.
Knallopning for Avaldsnes
Elise Thorsnes gav Avaldsnes ei knallopning etter berre fem minutt. Ho fekk ballen frå Cecilie Pedersen og sette greit inn 1-0.
Medan Avaldsnes hadde overtaket før pause, pressa Vålerenga til tider godt for utlikning i andre omgang. Ti minutt etter pause small ballen i tverrliggaren, og drygt kvarteret før full tid hadde dei ein gigantisk trippelsjanse.
– Med alle sjansane Avaldsnes hadde før pause, var det fortent, seier NRK-kommentator Lise Klaveness.
– No er dei eit vinnarlag. No må dei halde kontinuiteten, det er vanskeleg. Men dette kjem ikkje til å dempe satsinga deira, seier Klaveness.
– Men Vålerenga baud opp til dans i andre omgang. Som publikum må vi berre takke for ein god finale, seier Klaveness.