Hopp til innhold

Lenkjegjeng frå heile landet

Folk frå heile landet melder sin ankomst til Hardanger med kjetting og plakatar i bagasjen.

Sivil ulydnad i Hardanger

Over 1000 har så langt meldt frå om at dei vil aksjonere i Hardanger.

Synnøve Kvamme

Synnøve Kvamme står bak lenkjeaksjonen.

Foto: Kristian Ervik / NRK

Ungdom i Hardanger vil ikkje gå med på at det skal byggjast kraftlinjer gjennom Hardanger. Og det vil ikkje folk i resten av landet heller. No varslar dei lenkjeaksjon med tilreisande frå heile landet.

LES ÒG: - En nødvendig beslutning

Ei facebookgruppe har samla inn telefonnummera til dei som vil vere med å lenkje seg fast til maskinene.

– Då skal me sende ut mange tekstmeldingar og fortelja folk om kva og kor det skjer, seier leiar av ungdomsrådet i Granvin, Synnøve Kvamme, som er den som står bak gruppa.

Kan bli lenkegjeng mot kraftline | - Eg kjem til å vera i lenkegjengen | – Jeg vil lenke meg fast

Vil reise frå Ringsaker

Ingvild Bilstad Neraasen

Ingvild Bilstad Neraasen.

Ingvild Bilstad Neraasen er ein av over 1100 som rykkjer ut når arbeidet med å setje opp kraftlinjene i Hardanger tek til.

– Eg vil vera med på sivil ulydnad fordi eg ikkje tykkjer det er greit å rasere noko av Norges vakraste natur berre for å tilfredstilla olje- og gassinteressene i Norge, seier ho.

Til dagleg bur Neraasen i Ringsaker i Hedmark, og ho vert ikkje direkte råka av mastene. Men det stoppar ho ikkje i å reise tvers over landet for å aksjonere.

– Miljøkampen i Norge og i verda angår kvar enkelt av oss. Miljø er eigentleg det viktigaste me kan engasjere oss i, seier ho.

Og ho veit godt at ho risikerer straff for å delta i sivil ulydigheit.

– Det får berre vera. Miljø er såpass viktig at det vil eg risikere.

Demonstrasjon mot kraftlinje i Hardanger

Avgjersla om kraftlinjer i Hardanger vekkjer sterke kjensler i heile landet.

Foto: NRK

Vil gjere det dei kan for å forsinke

Synnøve Kvamme håpar at dei ved å aksjonere kan forsinke utbyggjinga nok til å snu strøymen.

– Jo meir tid me har, jo betre er det. I fyrste omgong vil me forsinke dei, og så håpar me det kan føre til at me får stoppa heile greiene. Det er mykje å håpe på, men me må jo berre gjere det me kan.

Ho seier ho vil fortsette kampen sjølv om regjeringa sitt ja til kraftlinene førre fredag er endeleg.

– Eg tenkjer at så lenge mastene ikkje er opp, så har me framleis ikkje tapt. Eg tykkjer regjeringa må innsjå kva for eit feilgrep dette er, og håpar at når så mange er villeg til å ty til sivil ulydnad, burde dei få augene opp. Eg kan ikkje forstå at det er alt for seint enno, seier Kvamme.

- Kampviljen er berre sterkare | Krever egen reiselivsminister | - Valser over Hardanger

Allereie mykje støtte på Facebook

Aksjonistane mot kraftlinjene har allereie nytta sosiale medier aktivt. Facebookgruppa "Bevar Hardanger" har over 27000 tilhengjarar, og dei er aktive på Twitter og med underskriftskampanje på si eigen nettside .