Hopp til innhold

Lena (22) er i risikogruppa: – Eg veit berre det eg har lese i media

Lena Sunde Almenning har nedsett immunforsvar og kan bli slått ut av ei vanleg forkjøling. 22-åringen etterlyser konkrete korona-råd til dei som risikerer å bli alvorleg sjuke.

Lena Sunde Almenning er ein av personane i riskogruppene som ventar på meir informasjon.

I RISIKOGRUPPENE: Lena Sunde Almenning har nedsett immunforsvar, men har til no følgt dei generelle råda som er gitt om koronaviruset.

Foto: Lena Sunde Almenning

22-åringen frå Florø har Addisons sjukdom. Sjukdommen påverkar kroppen sin produksjon av livsviktige hormon som igjen fører til nedsett immunforsvar.

– Eg blir lettare sjuk og lettare sliten. Berre eg har ei lita forkjøling, går det veldig utover kroppen og eg kan ligge i fleire døgn, fortel ho.

Til saman 32 personar i Noreg har til no fått påvist koronasmitte, men Folkehelseinstituttet (FHI) opplyser om at det kan vere store mørketal.

– Unngår forkjølt vener

Ifølgje FHI er enkelte pasientgrupper ekstra utsette for koronaviruset. Almenning seier ho likevel ikkje har fått meir informasjon frå helsevesenet enn dei generelle råda som blir gitt til befolkninga.

– Eg vaskar hendene ekstra godt og ofte, og forsøker unngå å vera med vener som er forkjølte.

– Har du fått råd om kva du og andre med nedsett immunforsvar bør gjere for å beskytte seg mot viruset?

– Nei, ingenting. Berre det eg har lese i media.

Nye retningslinjer denne veka

Overlege Are Berg ved Folkehelseinstituttet seier at ein bør sjekke Folkehelseinstituttet sine nettsider regelmessig for oppdatert informasjon dei neste dagane.

Overlege Are Stuwitz Berg ved Folkehelseinstiuttet.

KJEM MED OPPDATERTE RÅD: Overlege Are Berg ved Folkehelseinstituttet melder om at dei kjem med målretta informasjon til risikogrupper neste veke.

Foto: Folkehelseinstituttet

I mellomtida oppmodar Folkehelseinstituttet personar i risikogrupper å kontakte fastlege for å vurdere om det er naudsynt med andre tiltak tilpassa sin situasjon.

– Sjølv om talet på personar som er smitta har auka dei siste dagane, er det ikkje ei pågåande smitte med det nye koronaviruset i Noreg så langt, seier Berg.

Kva tiltak Folkehelseinstituttet tilrår i tida framover, vil vere avhengig av korleis smittespreiinga utviklar seg.

– Ei av oppmodingane som kan komme, er å rå personar i risikogrupper å unngå oppsøke stadar med mykje folk, seier Berg.

Kven er i risikogruppene?

Særleg personar med høg alder, hjarte- og lungesjukdommar kan bli hardt ramma av viruset.

Dette er fordi viruset kan medføre ein kraftig nedre luftvegsinfeksjon, med pustevanskar og kraftig hoste. Dette kan vera svært alvorleg.

– Det er viktig å presisere at ikkje alle i høg alder vil bli alvorleg sjuke, seier Berg.

Andre grupper som kan bli hardt ramma av viruset, er personar med nedsett immunforsvar.

Berg understrekar at alle bør følgje Folkehelseinstituttet sine generelle smittevernsråd, men at dette er ekstra viktig for personar i risikogrupper og andre som skal vera i nærleiken av desse.

Avlyser samling

Leverforeningen er ein av organisasjonane som representerer ei risikogruppe. I samråd med spesialistar på Rikshospitalet har foreininga no avlyst ei ungdomssamling til dei har betre oversikt over viruset.

Sjølv seier Lena Sunde Almenning at ho nok ikkje er klar over alvorlegheitsgraden av sjukdommen eller viruset til å vere veldig bekymra

– Men når eg stadig får tekstmeldingar eller telefonar frå personar som meiner eg burde vera bekymra, tenker eg sjølvsagt meir på det, seier ho.