Hopp til innhold

Sp-ordføraren er lei fylkesmannen sin inngripen

Luster-ordførar Ivar Kvalen (Sp) undrar seg over kva som er poenget med eit regelverk når Fylkesmannen til slutt opphevar bu- og driveplikt.

Ivar Kvalen

KRITISK: Ordførar Ivar Kvalen (Sp) er lei av at fylkesmannen opphevar bupliktvedtakt som kommunen har brukt mykje ressursar på å handheve.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Sp-ordføraren har sett seg lei av at Fylkesmannen overprøver vedtak om bu- og driveplikt.

Ivar Kvalen undrar seg over kva som er vitsen med eit regelverk som stadig blir overprøvd.

– Det vi ser, som eg føler er ganske frustrerande, er at folk ankar og trenerer. Til slutt får dei medhald, seier han.

175 tomme gardsbruk

Kommunen seier dei er opptekne av at buplikta skal syte for at folk bur på gardane dei eig. I Luster står 175 gardar tomme. Mange ynskjer å kjøpe, men få vil selje. På landsplan står over 30.000 gardar tomme.

Buplikt slår inn om ein gard er på meir enn 25 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord, eller på meir enn 500 dekar skog.

Arve Mjømen

NØGD: Arve Mjømen, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, er glad for at bupliktreglane blir lempa på.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Trass i at Luster brukar store ressursar på å handheve buplikta, opplev dei at eigarar som ikkje vil bu på gardane til slutt får medhald.

– Det tykkjer vi er frustrerande. Då er det nesten betre at lovverket blir endra enn at kommunane bruker mykje tid og energi på å handheve lovverket, så får dei fritak, seier Kvalen.

– Bra med lemping

Leiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen, meiner det er bra om Fylkesmannen lempar på reglane. Han meiner det er eit resultat av nye styringssignal frå den blåblå-regjeringa.

Før ferien la regjeringa til dømes fram ei lovendring for Stortinget når det gjeld priskontroll for landbrukseigedomar.

– Sjølvsagt er det slik at fylkesmennene, som er styrt av departementet, får sine direktiv. Det er vel gjeve dei signal som skal til at dei skal vere lempelege med slikt no, seier Mjømen.

Regelendring i 2009

Christian Rekkedal

AVVISER: Christian Rekkedal seier det ikkje er ny regjering som er årsaka til at dei siste åra har endra på nokre av vedtaka som er gjort om buplikt. – Formelt sett er det det same regelverket som gjeld no, som tidlegare, seier han.

Foto: NRK

Hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane avviser landbruksdirektør Christian Rekkedal Mjømen sin påstand. Han seier at dei siste året har endra på nokre kommunar sine vedtak om buplikt.

Hovudårsaka er ei regelendring frå 2009 om at ikkje berre arealkrav, men også krav om bebuelege bustadhus har slege inn.

– Og vi har hatt nokre saker der vi har sagt at dette bustadhuset på denne eigedomen rett og slett er for dårleg til at vi kan seie at det er lovfesta buplikt på eigedomen, seier han.