Hopp til innhold

Slik prøver dei å komme seg unna buplikta

Huseigarar let lyset stå på og forlet oppvasken for å lure kommunen til å tru at det bur folk i huset. Slik prøver dei å sleppe unna buplikta.

De setter på lyset i vinduene, for å lure folk til å tro at de bor der. Det er situasjonen på mange boplikteiendommer i Arendal. Men mange bli avslørt.

Prøver å lure seg unna boplikten

– Der oppe er heit hus som vart selt i fjor sommar. Der står lys på. Oppvasken er halvvegs ferdig. Dei skal prøve å lure oss til å tru at dei bur her, seier Hans Andreas Hansen til NRK.no.

Hans Andreas Hansen

Hans Andreas Hansen i Revesand Vel.

Foto: Pål Tegnander/NRK
Morten Foss

Landbruksrådgjevar i Arendal og Froland, Morten Foss.

Foto: Pål Tegnander/NRK

Han er leiar av foreininga Revesand Vel på Tromøy i Arendal. Hansen viser NRK.no fleire døme på hus i den historiske uthavna der han meiner buplikta vert brote.

– Eg vil ikkje seie at det er så veldig mange, men ser vi innover langs kysten er det ein del døme, seier han.

Uttrykkjer bekymring

I eit brev til kommunen uttrykkjer velet bekymring for denne tendensen. Folk kjøper heilårsbustader, men har ikkje tenkt å bu der fast. Dei vil bruke huset som feriebustad.

– Vi er opptekne av at vi skal ha eit godt bumiljø. Då er det veldig greitt at det bur folk her også, seier han.

Både i Arendal og Tvedestrand skal buplikta diskuterast dei næraste vekene. Dette engasjerer fastbuande, som relativt hyppig melder ifrå om brot på buplikta.

– I løpet av året kjem det nokre varsel som vi prøver å sjekke opp i. Til ei kvar tid 10–15 saker gåande med folk. Men som regel ordnar det seg etter at vi har fått visse forklaringar, seier landbruksrådgjevar i Arendal og Froland, Morten Foss.

– Er det mange som bryt buplikta?

– Nokon vil det alltid vere. Vi har eit regelverk som vi skal følgje opp. Vi tek rundt 30 stikkprøver i løpet av ein månad på eigenerklæringane vi får, seier han.

Fleire metodar

Han fortel at dei har fleire metodar for å avdekkje om buplikta vert broten.

– Vi sjekkar først om dei har overteke huset innan nær familie slik at dei ikkje har buplikt. Så tek vi kontakt med personen og ber om forklaring på kvifor ikkje huset er teke i bruk, seier Foss.

– Dette sjekkar vi i forhold til eigenærkleringar vi får frå tinglysinga, legg han til.

Så langt har ingen hus blitt tvangsselde som følgje av at folk ikkje rettar seg etter buplikta.

– Men vi har vore veldig nær, seier Foss.

Det vart innført buplikt i Tvedestrand på 1980-talet, men buplikta vart oppheva i store deler av kommunen i 2005.

Eit politisk utval som har vurdert den omstridde buplikta vil ikkje lenger ha buplikt i den verna delen av Tvedestrand sentrum. Samstundes vil dei utvide ordninga til å gjelde størstedelen av kyststripa.

Slik prøver dei å lure seg unna buplikta

LUREFORSØK: Ein huseigar i Tvedestrand prøver å lure kommunen til å tru at han bur der ved å ha lyset på.

Foto: Pål Tegnander/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %