Hopp til innhold

Legg seg flate og beklagar

Helse Førde legg seg flate og beklagar feilinformasjon i samband med det framtidige fødetilbodet på Nordfjordeid.

Fødeavdeling

VILLE IKKJE LEGGJE NED: Helse Førde stadfester no at tre av medlemmene i faggruppa som har vurdert fødetilbodet i fylket, ikkje ønskte nedlegging av føden i Eid.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Trass i at tre personar i faggruppa for det framtidige fødetilbodet i fylket ikkje vil leggje ned fødeavdelinga på Nordfjordeid, har Helse Førde hevdar at det er fagleg semje om nettopp nedlegging.

– Det blei gjort ein feil

Arne Eithun

HAR SNAKKA UT: Informasjonssjef Arne Eithun i Helse Førde.

Foto: NRK

– Vi beklagar at dette har kome skeivt ut, seier Arne Eithun, informasjonssjef i Helse Førde.

Eithun viser til at det heile skuldast ein glipp.

– Det blei gjort ein feil når det ferdige arbeidet blei oppsummert. Det har aldri vore meininga å tileigne dei noko dei ikkje har hatt mandat til eller som dei skulle gå inn og drøfte.

Har beklaga

– Korleis kunne de gå ut og seie at det var fagleg semje om dette, når det var tre personar i gruppa som ikkje ønskte nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjordeid?

– Det som er realitetane her, er at det er laga ein rapport frå styringsgruppa der det kjem til uttrykk at faggruppa har drøfta vidare drift av ei fødeavdeling i Nordfjord. Det er ein feil. Det er ein trykkfeil. Det skulle stått at det er styringsgruppa som har gjort det, for dette var ikkje mandatet til faggruppa. Det er dette enkelte i faggruppa har følt at har vore vanskeleg. Fordi det ikkje har vore mandatet deira. Det er heilt rett, og dette har vi snakka om i dag og beklaga overfor dei, seier Eithun til NRK.

Godtek orsakinga

Overjordmor Linda Grotle Hauge ved Nordfjord sjukehus har site i faggruppa for det framtidige fødetilbodet i fylket. Tidlegare torsdag sa Grotle Hauge at ho følte seg misbrukt og krevde ei orsaking frå direktøren i helseføretaket.

Det føler ho at ho no har fått:

– Eg aksepterer det heilt. Eg forstår at dette har vore ei vanskeleg sak både for dei og for oss. Eg har ikkje lyst å spekulere meir i dette her. Eg konstaterer at dei har gått ut og sagt at det er feil.

Artikkelen held fram.

Linda Grotle Hauge

FORNØGD: Overjordmor Linda Grotle Hauge seier seg nøgd med orsakinga frå Helse Førde-administrasjonen og ser seg ferdig med saka.

Foto: NRK

– Føler meg reinvaska

Grotle Hauge seier seg dermed nøgd med forklaringa om at dei to ulike arbeidsgruppene i Helse Førde, dei såkalla fag- og styringsgruppene, har blitt blanda saman.

– Eg føler slik sett at eg er reinvaska. Det var ganske ubehageleg for oss. Eg sjølv har tidlegare vore ute i media og sagt at vi hadde eit svært avgrensa mandat. Eg vart ganske oppbragt då eg oppdaga at eg kunne bli tatt til inntekt for at eg hadde lagt ned min eigen arbeidsplass. Det ville eg ikkje ha på meg, seier overjordmor Linda Grotle Hauge.