Krev orsaking frå adm. dir.

- Vi blir dolka i ryggen av leiinga i Helse Førde og krev orsaking, seier jordmor i Eid. Administrerande direktør Vidar Vie nektar å kommentere saka.

Vidar Vie og Clara Øberg

Konstituert administrerande direktør Vidar Vie (t.h) blir beden om å kome med ei orsaking. Til venstre ser vi styreleiar i Helse Førde Clara Øberg.

Foto: Bård Siem / NRK

- Prosessen var så uryddig. Vi er blitt framstilt som om vi har sagt noko vi ikkje har, seier overjordmor Linda Grotle Hauge i faggruppa for det framtidige fødetilbodet i fylket.

LES: LEGG SEG FLATE OG BEKLAGAR

Vil ikkje legge ned tilbodet

Nordfjord sjukehus

Linda Grotle Hauge krev ei offentleg orsaking frå toppsjefen i Helse Førde. For ho meiner ho aldri har sagt at fødetilbodet på lokalsjukehusa skal leggast ned.

Foto: Arne Eithun / NRK

Styremøtet i Helse Førde vedtok sist fredag samrøystes å tilrå nedlegging av fødetilbodet både på Nordfjordeid og i Lærdal. Vedtaket vart mellom anna bygt på ei innstilling frå ei breitt samansett faggruppe, der Grotle Hauge deltok.

Grotle Hauge og to andre medlemmer i faggruppa har aldri gått inn for nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjordeid.

Likevel vart det frå administrasjonen si side framstilt som det var fagleg semje om dette.

- Samla fagmiljø

På bakgrunn av informasjonen frå administrasjonen sa styreleiar Clara Øberg mellom anna følgjande like etter styremøtet:

- Det er eit samla fagmiljø som står bak dette. Også fagmiljø i kommunane.

Grotle Hauge føler seg misbrukt, og er sint og fortvila.

- Dette føler vi at vi ikkje fortente, seier ho.

Også kommunelege i Stryn, Anne Stubdal, som sit i faggruppa, reagerer sterkt på det som har skjedd.

Reagerer sterkt

Ho ønskjer ikkje å la seg intervjue på radio, men fortel at ho heile tida har jobba for at fødeavdelinga på Nordfjordeid bør oppretthaldast. Grotle Hauge meiner styrevedtaket er gjort på feil premissar.

- Om eg var styremedlem i Helse Førde og skulle ta ei avgjerdsle i ei sak som er så vanskeleg som dette, ville eg forsikra meg om at alle papira med opplysningar som var utdelte på førehand var korrekte.

Grotle Hauge krev ei offentleg orsaking frå toppsjefen i Helse Førde

Administrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde vil ikkje kommentere saka.