Hopp til innhold

Legekontor beklager: Hadde antivaksine-materiale på venterommet

Legekontor varslar at dei vil betre rutinane etter at antivaksine-materiale låg framme på venterommet.

Legekontor varslar at dei vil betre rutinane etter at antivaksine-materiale låg framme på venterommet.

TILLITSBROT: – Det er eit tillitsbrot å drive med propaganda og falsk informasjon ut til befolkninga gjennom eit offentleg organ som eit legekontor er, seier helsesjefen i Luster kommune.

Foto: Privat

– Det er desinformasjon og det er tull, seier Ole Solnørdal Eide.

Nyleg var han på legekontoret i Gaupne i Sogn. Medan han venta, plukka han opp ein brosjyre som spurte: «skal du ta vaksinen fordi alle andre tek den?».

Eide reagerte på det han las.

– Eg vart nysgjerrig. Eg synest det var ei rar overskrift, seier han.

Det er foreininga Fritt Vaksineval som har laga brosjyrane. Ifølge nettsida til foreininga ønskjer dei å «nyansere vaksinedebatten».

Privatpersonar har tidlegare reagert på å få brosjyrar frå foreininga heim i postkassa.

Sogn Avis omtala saka først.

Ole Solnørdal Eide

DESINFORMASJON: Ole Solnørdal Eide blei skuffa og overraska over brosjyrane han fann på legekontoret.

Foto: PRIVAT

– Tillitsbrot

Helsesjef og kommuneoverlege i Luster, Knut Cotta Schønberg, er lite begeistra over brosjyrane som vart oppdaga på venterommet.

– Det er eit tillitsbrot å drive med propaganda og falsk informasjon ut til befolkninga gjennom eit offentleg organ som eit legekontor er.

– Ikkje ta ein vaksine fordi alle andre gjer det, er blant oppmodingane i brosjyren. Vidare står det at vaksinen er «eksperimentell og hasteutvikla».

– Eg argumenterer ikkje mot desse. Eg avviser det heilt, seier Schønberg om innhaldet i brosjyrane.

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at 78,3 prosent av befolkninga i Noreg har fått første vaksinedose, medan 70 prosent av befolkninga er fullvaksinerte.

I oktober vedtok regjeringa at eldre også skal få tilbod om ein tredje koronavaksine, ein såkalla «boosterdose».

Måndag denne veka samanfatta FHI det viktigaste talmaterialet så langt.

I ein mykje delt facebook-post skriv dei at «det er lurt å takke ja til vaksinen», og viser til at vaksinerte:

  • Blir sjeldnare smitta
  • Blir sjeldnare lagt inn på sjukehus
  • Treng sjeldnare intensiv- og respiratorbehandling
  • Blir raskare skrivne ut frå sjukehus om dei først hamnar der
  • Har lågare risiko for alvorleg sjukdom og død som følge av covid-19
  • Smittar sjeldnare vidare enn dei uvaksinerte
FHI-direktør Camilla Stoltenberg under en pressefrokost om influensa og influensavaksiner

«LURT Å TAKKE JA»: Tal frå Folkehelseinstituttet viser at 70 prosent av befolkninga er fullvaksinerte. Her ved leiar Camilla Stoltenberg.

Foto: Vidar Ruud

Fjerna raskt

Etter besøket la Eide att ei sint tilbakemelding på Google der han skeriv at han forventar meir av eit legekontor.

Mindre enn 24 timar fekk han svar frå legekontoret, som hadde fjerna brosjyrane.

– Veldig raskt og veldig truverdig, seier han om responsen.

Knut Cotta Schønberg

– ILLE: Helsesjef og kommuneoverlege i Luster, Knut Cotta Schønberg, likar dårleg at antivaksine-brosjyrar hamna på legekontoret.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Skal ikkje ha debatten på venterommet

Dei tilsette veit ikkje kor lenge brosjyrane frå Fritt Vaksinevalg har vore på legekontoret. No vil dei sjekke oftare kva som blir liggande framme.

– At folk lurer inn dette for å øydelegge tilliten mellom innbyggjarar og helsetenesta, det synest eg er ille, seier Schønberg.

– Kan det ikkje vere bra med ein nyansert debatt?

– Debatt skal ein sjølvsagt ha. Men ikkje gjennom venterommet på eit legekontor.

NRK har prøvd å kome i kontakt med Fritt Vaksineval, men utan hell.

I ein e-post til Sogn Avis skriv foreininga at dei som kritiserer dei ikkje er i stand til å vera konkrete.

– All statistikk me viser til er henta frå offisiell helsestatistikk og dei referansane me nyttar er frå offentlege uttalar, skriv dei i e-posten.