Hopp til innhold

Legane vurderte at valdsrisiko var låg. Tre veker seinare vart mannen sikta for drap

Fylkeslegen i Hordaland har granska den psykiatriske institusjonen som skreiv ut drapssikta mann (43) mot sin vilje. – Det var ikkje konkrete teikn på at han skulle bli valdeleg, konkluderer fylkeslegen.

Politiet gjer undersøkingar på Landås etter drap

DRAP: Det var i februar at politiet rykka ut til ei bustadblokk på Landås i Bergen. Ei kvinne (70) vart funnen drepen. I uteboden til venstre i biletet fann politiet øksa som er brukt som drapsvåpen.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Ein 43 år gamal mann i Bergen er sikta for å ha drepe mora (70) med ei øks i ei bustadblokk på Landås i midten av februar.

Då det vart kjent at mannen tre veker før drapet vart skrive ut frå ein distriktspsykiatrisk institusjon mot sin vilje, opna Fylkesmannen gransking av behandlinga av 43-åringen.

– Han var frustrert og bad om ei behandling over fleire månadar. Han fortalde legane at han var redd for at han kom til å skade nokon, sa forsvarar Jannicke Keller-Fløystad til NRK om mannen sin situasjon i tida før utskrivinga.

– Ingen teikn til at han skulle bli valdeleg

Etter å ha granska behandlinga av 43-åringen, meiner fylkeslege Helga Arianson at både behandlinga og utskrivinga av mannen var forsvarleg.

«Det vart vurdert at valdsrisikoen var lav ettersom tankane om å skade andre synast å vere ei bekymring eller tvangstanke heller enn ein impuls og ei reell fare», skriv fylkeslegen i rapporten.

Den drapssikta søkte hjelp og var først innom Sandviken sjukehus før han vart overført til det distriktspsykiatriske senteret på Kronstad i midten av januar. I Sandviken vart det gjennomført ein såkalla screeningtest av valdsrisikoen. Risikoen vart vurdert som låg.

Denne vurderinga støtta dei seg til også på Kronstad. Legane kjende 43-åringen frå før og han fortalde også at han aldri hadde skada noko før.

«Helsepersonellet vurderte at han i tillegg til dette hadde beskyttande faktorar i form av at han var hjelpesøkande, at han gav uttrykk for eit ønske om å bli betre og at han ikkje hadde konkrete planar om å skade andre», samanfattar fylkeslegen i sin granskingsrapport.

Kronstad distriktsspsykiatriske senter i Bergen

UTSKRIVEN: Mannen ville ha behandling i fleire månadar, men legane her på Kronstad DPS vurderte at det ikkje var naudsynt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Krevjande vurdering

– Å vurdere om han var farleg eller ikkje er ein svært vanskeleg vurdering å gjera. Legane vurderte om det var naudsynt å ha han innlagt lenger, fordi han bad om det sjølv. Men det var ingen grunn til å halde han tilbake lenger enn det dei gjorde, seier Arianson til NRK.

Kronstad DPS får kritikk for brot på dokumentasjonsplikta i helsepersonellova, då drøftingane mellom dei ulike behandlarane ikkje er dokumentert i særleg grad i journalen.

Direktør for divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, Hans Olav Instefjord, seier til NRK at dei registrerer at fylkeslegen i dette tilfellet meiner Helse Bergen har opptredd forsvarleg.

– Fylkeslegen peikar også på nokre forbetringsområde. Dei er i tråd med vår eigne funn og vil bli sett i verk umiddelbart.

Fylkeslege Helga Arianson i Hordaland

STØTTAR VURDERINGANE: Fylkeslege Helga Arianson konkluderer med at det ikkje var teikn til at den no drapssikta mannen skulle bli valdeleg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK