Hopp til innhold

Timar etter at han kjøpte øksa, drap han mora

BERGEN TINGRETT (NRK): Den drapstiltalte mannen bad om å bli dømd til tvungent psykisk helsevern.

Tiltalt kjøoper øks før drapet på Landås

ØKS: Tiltalte kjøpte ei øks same dag som drapet. Politiet trur dette er drapsvåpenet.

Foto: Politiet

Måndag starta rettssaka mot ein 44 år gammal mann som er tiltalt for å ha drepe mora på 70 år. Drapet skjedde heime hos dei i ein bustadblokk på Landås i Bergen i februar. Mannen erkjenner drapet.

I Bergen tingrett måndag har han forklart seg roleg om omstenda rundt drapet, og om drapstankane som kom i tida før det gjekk gale.

Mannen har fortalt at han brukte ei øks under drapet. Den vart funnen i eit søppelrom utanfor bustadblokka.

Politiet frigav måndag eit bilete som viser kjøkkenet der kvinna sat då ho vart drepen.

Mannen er funnen strafferettsleg utilrekneleg fordi han var psykotisk. Då kan han ikkje dømmast til fengsel.

Drap Landås

DRAPSSTADEN: Mora (70) sat på denne stolen då sonen hogg henne med øks.

Foto: POLITIET

– Håpa ho ville flytte ut

44-åringen skal ha budd saman med mora i blokka i rundt 1,5 år.

I retten fortalde han at han hadde sett på leilegheiter, og at han håpa mora ville flytte ut.

Dagane før drapet tenkte mannen på å drepa mora, og han fortalde at tankane gjerne varte eit par timar kvar dag.

– Eg har aldri vore ein valdeleg person. Eg har aldri skada nokon, sa mannen i retten.

Politiet gjer undersøkingar på Landås etter drap

FANN DRAPSVÅPEN: Etter forklaring frå mannen fann politiet det dei meiner er drapsvåpenet i eit søppelrom ved bustadblokka på Landås i Bergen.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Kjøpte øks før drapet

Han fortel at han mista kontroll, og at tankane om å drepa kom med ein gang han vakna.

Han drog ut, kjøpte øks og gjekk for å bada på Vestkanten.

Seinare den dagen drap han mora si med elleve øksehogg i ryggen. Deretter pakka han henne inn i bossekkar og eit teppe og la henne på altanen.

– Tankane tok sterkt kontroll over meg, og eg drap mor mi, fortalde han i retten.

Mora skal ha lege på altanen i fire dagar før mannen ringde politiet og fortalde om drapet.

Søsken krev oppreisningserstatning

Dei fem søskena til mannen har i forkant av rettssaka reist krav om oppreisningserstatning på inntil 200.000 kronar kvar.

Deira bistandsadvokat Lise Navjord Leknes seier til NRK at dei etterlatne er sterkt prega av det som har skjedd.

Dette kravet vil 44-åringen nekte, seier forsvarar Jannicke Keller-Fløystad til NRK.

– Eg reagerer sterkt på at det blir kravd oppreisningserstatning når det er så mange omstende som taler for at tiltalte må frikjennast frå kravet.

Statsadvokat Benedicte Hordnes

AKTOR: Benedicte Hordnes i retten måndag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ville ha psykisk helsehjelp

Mannen vart skriven ut av ein psykiatrisk avdeling mot sin vilje nokre veker før drapet.

– Dette er ein djupt tragisk sak. Den tiltalte blei skriven ut mot sin vilje då han var psykotisk. Også rettspsykiatrane har slått fast at tiltalte blei feilbehandla, og at han var psykotisk då han blei skriven ut, seier Keller-Fløystad.

I rettssalen fortalde mannen at han følte han ikkje fekk den hjelpa han trengde.

RETTING: Etter publisering av denne artikkelen har vi endra ordlyden frå at mannen «hevdar» at han vart skriven ut mot sin vilje, til å slå det fast at han faktisk blei skriven ut mot sin vilje.