Hopp til innhold

Forsvarar: – Han var redd for at han kom til å skade nokon

43-åringen som er sikta for å ha drepe mora (70) i Bergen var frustrert over å ikkje få hjelpa han meinte han måtte ha.

Politiet gjer undersøkingar på Landås etter drap

SIKTA FOR DRAP PÅ MORA: 43 år gamal mann seier han tok livet av mora (70) med øks.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Mot midten av januar tok den no drapssikta 43-åringen kontakt med Bergen legevakt og bad om hjelp. Han vart først innlagt på Sandviken sjukehus og deretter ført vidare til ein distriktspsykiatrisk klinikk.

NRK får opplyst at mannen vart skriven ut av denne institusjonen 22. januar. Forsvarar Jannicke Keller-Fløystad har fått sett nærare på mannens helsepapirer og gir no fleire detaljar om kvifor mannen var sterkt imot utskriving.

Ho meiner det er veldokumentert at han ønska å vera innlagd og gav uttrykk for det til institusjonen.

– Det kjem fram at han var frustrert og bad om behandling over fleire månadar. Han fortalde at han var redd for at han kom til å skade nokon, seier Keller-Fløystad til NRK.

Jannike Keller-Fløystad under fengslinga etter drapet på Landås

FORSVARAR SIKTA: Advokat Jannicke Keller-Fløystad frå advokatfirmaet Elden på fengslingsmøtet måndag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Følte seg ikkje tilrekneleg

Laurdag 10. februar, nesten tre veker etter utskrivinga, ringer 43-åringen til politiet og seier at han har drepe mora si med ei øks i leilegheita dei bur i på Landås i Bergen.

Mannen har forklart seg til politiet om drapet i tre avhøyr. Forsvarar Keller-Fløystad seier mannen følte han ikkje hadde kontroll då det skjedde.

Like før utskriving vart han tilbydd to ekstra dagar på institusjonen, men takka nei til det då han følte det ikkje var noko poeng i det.

Mannens psykiske tilstand står sentralt i etterforskinga. Onsdag vart ein psykiater og ein psykolog nemnd opp som sakkunnige i saka. Dei skal vurdere mannens helsetilstand og om han kan straffast for det som har skjedd.

Helsevesenet tek no vare på den sikta, med vakthald frå politiet. 43-åringen har enno ikkje tatt stilling til skuldspørsmålet.

– Først må spørsmålet om tilrekneleg eller utilrekneleg bli utgreia av rettspsykiatrane, seier Keller-Fløystad.

Etterlatne ønskjer svar

Advokatfullmektig Katja Hakvaag ved advokatfirmaet Sylte er bistandsadvokat for dei etterlatne i saka. Dei er i sjokk og sterkt prega over det som har skjedd.

Fylkeslegen i Hordaland skal granske Helse Bergen for å finne ut om det har skjedd lovbrot i helsetenesta då mannen vart skriven ut frå den psykiatriske institusjonen.

Det er venta at det vil ta nokre veker før granskinga konkluderer.

– Dei etterlatne har eit sterkt ønske om å få svar på kva som har skjedd, seier Hakvaag til NRK.

Direktør Hans Olav Instefjord i divisjon for psykisk helsevern i Helse Bergen viser til teieplikta og seier han ikkje kan kommentere dei nye opplysningane frå forsvararen.

Framleis uvisst drapstidspunkt

Tidspunktet for drapet er framleis noko av mest sentrale politiet etterforskar i saka. Dei har fått ein forklaring frå den tiltalte, men jobbar med å ettergå opplysningane.

NRK har fått opplyst at det er ting som tyder på at avdøde har lagt ute på altanen i fleire dagar før ho vart funnen laurdag kveld.

Obduksjonsrapporten som kan gi endeleg svar om drapstidspunktet er venta først på fredag. Politiet jobbar også med å kartlegga når mora og sonen sist vart sett.