Hopp til innhold

Lastebilsjåfør opplevde marerittet

Han opplevde alle lastebilsjåførars mareritt. Han klamra seg fast i rattet då vogntoget kvelva utfor vegen.

Vogntog utfor vegen i Selje

UTFOR VEGEN: Ein lastebilsjåfør klamra seg fast i rattet då vogntoget sklei av vegen.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Hamna utfor vegen i Selje

VANSKELEG Å FJERNE: Vogntoget blir truleg fjerna i løpet av fredag kveld eller natt.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Det skjedde utruleg fort. Det gjekk ikkje opp for meg kva som skjedde, og eg klarte ikkje tenke, seier lastebilsjåføren til NRK.no.

Han var på veg frå Selje til Nord-Norge, og hadde med seg 23 tonn fisk. Men ein kilometer frå Bryggja skjedde det som ikkje skulle skje.

Klamra seg fast i rattet

Vogntoget hamna utfor vegen på fylkesveg 61 ved 13-tida fredag.

– Eg kom litt for langt ut på kanten i ein skarp sving. Der stoppa eg litt opp for å sjå om det kom bilar i mot, men då sklei eg utfor vegen. Det var smalt og det var veldig dårleg sikt, seier han.

Vogntoget fekk problem i ein oppoverbakke, og skal ha stoppa heilt opp. Deretter skal vogntoget ha byrja å skil bakover før det hamna i skogen 15 meter nedom vegen.

– Eg klamra meg fast i rattet og i andre ting inne i bilen, seier lastebilsjåføren som har over ti års erfaring.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Vogntog sklei utfor vegen

NETT-TV: Vogntoget hamna 15 meter nedom vegen.

– Glatte vegar er eit stort problem

Sjefen til lastebilsjåføren, Hallgeir Langvatn, seier glatte vegar er eit stort problem for sjåførane. Men han meiner fylkesvegen der vogntoget fekk problem i dag, må ha vore ekstra glatt då uhellet skjedde.

– Viss ikkje denne traileren kjem seg fram, så kjem ingen seg fram, seier Langvatn til NRK.no.

Han viser til at vogntoget som sklei av vegen er godt rusta for ruskete vintervegar, sjølv om det ikkje hadde kjettingar på då ulykka skjedde.

– Den har heilt nye dekk og det beste utstyret. Den var tungt lasta og ein skulle tru den ville ha godt grep, så vegen må ha vore altfor glatt, seier Langvatn.

Skal bak rattet igjen

Hamna utfor vegen i Selje

SLAPP MED SKREKKEN: Lastebilsjåføren slapp unna uhellet utan fysiske skader.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Sjølv om lastebilsjåføren opplevde alle yrkesjåførars mareritt, så skal han bak rattet igjen. For han har ikkje tatt skrekken etter det som skjedde i dag.

– Eg var litt skjelven rett etterpå. Men eg har ingen problem med å køyre lastebil igjen, seier han.

Han hadde ikkje på seg setebelte då uhellet skjedde, og det er han glad for. Han seier at han stod oppreist då bilen sklei utfor skrenten.

– Hadde eg hatt belte på, ja, då hadde det gått mykje verre. Eg stod oppreist og fulgte traileren sine bevegelsar i staden for å bli slengt rundt, seier han.

– Vanskeleg å fjerne

Ifølgje Statens vegvesen vil vogntoget bli fjerna i løpet av kvelden eller natta.

– Den er vanskeleg å fjerne, og vi treng kranbil for å få den opp, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegmeldingssentralen.

Han fortel at ein strøbil hadde køyrd forbi staden før ulykke skjedde.