Hopp til innhold

Glatte vegar over heile fylket

Vêromslaget fredag kveld har ført til svært glatte vegar i Sogn og Fjordane laurdag. Både vegvesen og politi fortel om stor pågang frå bilistar som har klaga på køyreforholda.

Bøyadalen i Fjærland

SLAPS: Slik såg det ut på riksveg 5 i Bøyadalen i Fjærland klokka 12.46 laurdag.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

– Det har vore mykje telefonar i dag, frå alle delar av fylket. Det går på at det er glatte vegar, seier vaktoperatør Arne Stadheim ved Vegmeldingssentralen i Lærdal.

Har roa seg

I 13-tida laurdag ser det likevel ut til å avta.

– Siste timen har det roa seg. Folk er vel kanskje i ferd med å komme fram, seier Stadheim.

Køyrde av vegen på E39

Også ved politiet sin operasjonssentral i Florø har ein merka vêromslaget.

– Det har vore litt telefonar på glatte vegar, seier operasjonsleiar Wenke Hope.

Men det har ikkje komme inn meldingar om alvorlege uhell langs vegane.

– Ein bil køyrde av vegen i Åbergsdalen sør for Sande i Gaular klokka 11.40, men det oppstod ikkje personskade, seier Hope.

Alle vegar opne

Ifølgje Stadheim ved vegmeldingssentralen er alle vegar, med unntak av fv. 13 over Gaularfjellet, opne.

Tidlegare laurdag var det vekselvis stengt og kollonnekøyring over Vikafjellet, men vegen er no open for fri ferdsle. Det samme gjeld riksveg 5 mellom Førde og Florø ved Svarthumle der eit vogntog tidlegare på dagen stod på tvers i vegbana.

Har du trafikkmeldingar? Tips NRK trafikk på 800 99 999!