Hopp til innhold

Har aldri hatt det så travelt

Bergingsbilane i Sogn og Fjordane køyrer i eitt. Førde Bilberging har over 30 oppdrag om dagen.

Arild Tistel ved Førde Bilberging

FULLT KØYR: Arild Tistel ved Førde Bilberging seier dei ikkje har hatt det så travelt på lenge.

Foto: Simon Solheim / NRK

Arild Tistel ved Førde Bilberging

I TELEFON: Telefonen til Arild Tistel står ikkje stille.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Det har vore ekstremt mange oppdrag denne veka. Det har vore veldig hektisk, seier dagleg leiar Arild Tistel ved Førde Bilberging til NRK.no.

Tidlegare år har dei hatt rundt 20 oppdrag for dagen. I år opplever dei det travlaste året på lang tid.

– Alle bilane er ute

– Alle bilane våre er ute nesten heile tida, så vi har det veldig travelt, seier Tistel.

Førde Bilberging dekkjer store delar av Sogn og Fjordane. Dei har oppdrag frå Byrkjelo til Fjærland og Naustdal og Fjaler.

Dei har fire bergingsbilar for vanlege personbilar og to større berginsbilar for vogntog og lastebilar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Travelt for bilbergarane

UHELDIG: Ein av dei mange bilane som hamna utfor vegen på det glatte føret i Sogn og Fjordane.

Foto: Simon Solheim / NRK

– I går hadde vi ein god del utforkøyrignar, men i dag har det i grunn vore ganske roleg hittil. Men oppdraga kjem heilt sikkert utover dagen, seier Tistel.

Har berre sove ein time

Det er ikkje berre Førde Bilberging som har det travelt for tida. Hos Havn Auto i Eikefjord i Flora står oppdraga i kø.

– Det går i eitt. Eg har køyrd i heile natt. Eg begynte klokka to, og var heime for å sove i ein time før den neste telefonen ringte, seier dagleg leiar Ole Johni Havn.

Då NRK.no snakka med han var han ute på nok eit oppdrag. Ein brøytebil hadde køyrd av vegen.

– Det har vore skikkeleg gale dei siste dagane. Vi har to bilar som køyrer heile døgnet, seier Havn til NRK.no.

– Mange oppdrag i natt

Hos Jans Bilberging i Stryn har dei henta mange bilar dei siste dagane.

– Det er bra trøkk, for det er mange som køyrer av vegen på dette føret. Vi har langt større pågang no enn tidlegare. I natt har det vore mange oppdrag på Strynefjellet. Folk brukar ikkje kjetting og då går det gale, seier Jan Bernhoft til NRK.no.

Politiet oppmodar folk om å ta det roleg på vegane i fylket.

– Det er glatte vegar over heile fylket. Folk må ta det med ro og sette ned farta, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Bilberging

STÅR IKKJE STILLE: Bergingsbilane rundt om i fylket står ikkje stille på det glatte føret.

Foto: Simon Solheim / NRK